Runar Gudnason er heime på Digerneset, og reflekterer over korleis starten på karrieren var.

– Du veit, då eg kom til Danmark og måtte snakke bokmål for å bli forstått, mista eg det som alltid har vore våpenet mitt: språket. Og då gjerne i form av raske kommentarar.

Det hjelpte ikkje å skyte frå levra når det tok lang tid før folk skjønte kva han sa.

– Eg trengde ein måte å uttrykke meg på, og då kom rappen til syne for meg. Bokstaveleg talt. Eg filma jo han.

Litt etter tusenårsskiftet begynte Runar å rappe på dialekt. Om Hovdebygda på 80-talet, og om sin oppvekst der. Men korleis var den eigentleg?

– Det var veldig fritt. Me hadde ein lang sommarferie, og få plikter. Mykje tid til overs gjorde at me vart skapande kreative. Me gjorde mange rare og fjasete ting, og leika oss mykje med kamera og filming. Det at me hadde eit manglande tilbod og mykje tid til overs gav det å måtte finne på ting sjølve.

Runar har no to søner. Ein på 21 som bur i Danmark, og ein på eitt og eit halvt år heime med seg og kona Aase Digernes på Digerneset. Han vil gjerne at borna skal oppleve noko av det same.

– Fridomen og tryggleiken vil eg at dei skal få oppleve, seier han.

- Kva er det som gjer at det er akkurat Hovdebygda som er plassen å vekse opp?

– Reint objektivt blir det feil å seie at Hovdebygda er så mykje betre enn alle andre. Men eg må rappe om det eg kjenner til. Det var her eg vaks opp. Alt som skjedde i min oppvekst, alle opplevingane mine, er herifrå. Alt frå fyrste gong eg klina med ei jente, til fyrste gong eg smakte alkohol. Det var her.

Flytta heim

Runar flytta heim i 2014, og bur her enno. Men kvifor flytta han eigentleg?

– Etter eg lærte meg dansk gjekk det eigentleg fint å bu i København. Men då eg møtte igjen Aase, som no er blitt kona mi, måtte me bu same plass. Me har Hovdebygda til felles. Då vart det slik.

– Korleis er sommaren i Hovdebygda mot sommaren i København?

Runar tek ei lang pause. Ser ut vindauget.

– Stillare. Meir avslappa. Finare natur, men dårlegare vêr.

– I år har det vore heilt middels vêr, men eg må innrømme at eg er ein litt vêravhengig type. Eg har vore på Helgehornet.

Runar likar fin natur, men innrømmer at det er noko lite han saknar i Ørsta.

– Ein skikkeleg restaurant med god mat, vin og kvelds- ope hadde gjort seg.

Sjølv om Runar har budd heime i om lag tre år no, har han gjort mesteparten av rappinga si i Danmark. Han budde frå 1995 til 2000 på Jylland, og frå 2000 til 2014 i København.

– Hovdebygda har forandra seg litt, men eigentleg ikkje så mykje. Me har Ørsta og Volda på kvar si side, og flyplassen like ved. Slik sett har me det som plomma i egget mellom dei to bygdene, og med kort avstand til omverda ved hjelp av flyplassen.

Råning og språk

Som tidlegare nemnt lærte Runar seg dansk etter ei tid i Danmark.

– Eg er ganske prinsipiell når det gjeld språk. Anten snakkar eg dialekt, eller så snakkar eg dansk. Klart, dialekta mi er nok ikkje slett så brei som ho ein gong var, men det er nok ikkje langt unna heller.

Han fortel at han har mykje godt å seie om råning.

– Rånarane er ofte blitt dei som mange meiner gjer noko meiningslaust og plagsamt, men eg er ikkje heilt einig. Ja, kanskje kan dei vere plagsame, men dei gjer ikkje noko meiningslaust. Mange brenn for å lage bilen sin tøffast mogleg, og det er noko det også. Dei kan stå der i timevis og mekke på bilane sine, før dei skal ut og køyre. Det er ei interesse det også.

Filming og dokumentering heile livet

– Då eg var liten filma eg for moro skuld, og leika meg mykje med kamera, men det var

noko heilt anna enn seriøs filmlaging slik som i dag. Film har eigentleg gått igjen som noko eg har gjort heile livet.

– I starten i Danmark handla det om å filme danske rapparar, men etter den tid har det vore lite seriøs filming.

Derimot laga Turid Rogne, produsent og regissør frå Ørsta, ein dokumentar om livet på innsida til Side Brok frå gjennombrotet i 2004 med «Høge Brelle» til lanseringa av «Ekte menn» i 2009.

– Me har ikkje høyrd frå dykk på ei stund no. Kva skjer?

– No lagar me faktisk ein eigenprodusert dokumentar. Det blir ein slags eksperimentell dokumentar om rap og livet. Arbeidet starta i 2015, og me håpar å vere ferdig i 2019. Prøveopptaka er i gang. Eg skriv manuset og styrer regien sjølv, seier Runar.

Side Brok har ikkje stått på scena på 1,5 år. Førre album dei gav ut var i 2013. Etter det har det blitt mindre munnfullar. Tre singlar av Side Brok (Omatt og omatt, Pump pump og Pina D), og ein EP (fire songar) av Sirkel Sag, Ørsta Rådhus. Men Runar tykkjer det er svært.

– Ja. Dessutan er det mykje styr å starte opp att med fullt band for å lage album. Då må me vere fem mann i tillegg til meg og Bård.

– Det er kanskje ikkje både opplest og vedtatt, men er Side Brok både oppløyst og nedlagt?

– Akkurat no når me held på med denne dokumentaren, er musikkspelinga litt på hylla. Men den kan plutseleg trille ned att. Me får sjå. De får høyre.

dokumentar: Runar Gudnason jobbar for tida med det han sjølv kallar «ein eksperimentell dokumentar om rap og livet». Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug
engasjerer: Side Brok og Runar Gudnason engasjerer frå scena. Her på Rokken i Volda i 2013.