Det seier Harald Olsvik i Ørsta-Volda handikaplag.

– No er det laga til skikkeleg bra toalett her, både for dame, herre og handikap. Me kan ikkje berre snakke negativt om kommunen. Her har dei vore særs flinke å legge til rette, seier han.

Han seier at vanlegvis må det leggast eit viss press på kommunen før det skjer noko, men denne gongen slapp dei det. Det tykkjer han dei fortener ros for.

Fortener ros

Johanne Engeset vil gjerne rose Ørsta kommune for veldig godt arbeid, og ikkje berre for toalettet.

– For nokre år sidan kom kommunen og rydda stranda her for tang og tare. Dei har fått det veldig fint til, det må eg seie. Lillebø slår seg samd.

Britt Lillebø tek ordet.

– Når det gjeld toalettet her, må eg seie at det er lett å snakke att og fram om korleis ting skal gjerast, men eg synest det er kjempegreier at det er kome opp i det heile, seier ho.

Eit heilt normalt problem

Svanhild Lillebø fortel at dette er ein normal problem.

– Både på Folkestad, her og andre plassar ser ein at toalett er nødvendig. Eg kan ta Folkestad som eit døme. På kveldstid kan det der vere ein time mellom ferjeavgangane. Må ein då må gjere sitt «fornødne», utan at der er venteroms-toalett, så må ein berre. Det er ikkje rart.

Når Erling Koppen skal prøve toalettet på Rjåneset, oppdagar heile gjengen eit problem. Det er vanskeleg å kome seg over dørstokken med den fresemassen som ligg som dekke. Erling Koppen treng difor hjelp, og Svanhild Lillebø synest dette ikkje skal vere nødvendig.

– Det skal vere mogleg å kome seg inn på eiga hand, for ein rullestolbrukar som til dømes Erling. Difor håpar me på litt asfalt her. Det er ikkje snakk om meir enn ein kvadratmeter som er nødvendig, seier Lillebø.

På toalettet: Britt Lillebø vaskar hendene på toalettet. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug