– No har vi 23.000 artiklar i basen vår, og vi veks med meir enn ein artikkel per dag, fortel redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Saman med Stina Aasen Lødemel utgjer han den faste staben til Allkunne. Dei er lokalisert i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, og er ein del av Nynorsk kultursentrum.

Tverrfagleg

Alle tekstar blir vurderte redaksjonelt og språkvaska før publisering. Allkunnestaben har knytt til ein fast redaksjon på fem medlemmer, der dei sit med leksikalsk kunnskap. språkkunnskap og formidlingskunnskap.

– Det er viktig at vi skal få vurdert alle artiklane tverrfagleg. Vi seier at alle attenåringar skal forstå det som vert lagt ut på Allkunne. Då seier det seg sjølv at formidlingsevna er viktig, seier Finnanger Sandsmark.

Målgruppa er nynorskbrukarar generelt, men det viser seg at mange av brukarane er knytte til skuleverket.

– Vi er no den einaste kunnskapskjelda for nynorsk av dette slaget, poengterer Finnanger Sandsmark.

Gjesteredaktørar

I samband med stortingsvalet har Allkunne invitert representantar frå alle politiske parti til vere gjesteredaktørar. Dei får ikkje skrive sjølve, men dei er med på å frontredigere framside til Allkunne på nettet, og dei står sjølvsagt fritt til å dele artiklar frå Allkunne på nettet.

Måndag og tysdag var det stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal som var gjesteredaktør.

Han brukar sjølv Allkunne som ein nyttig reiskap i arbeidet sitt på Stortinget.

– Når eg skal tygge på ei formulering og vere sikker på at eg får det rett, nyttar eg Allkunne og den juridisk og administrativ ordlista til Karl Arne Utgård, fortel Holen Bjørdal.

– Skateboard må med

Då han var redaktør denne veka, valde han å vinkle framsida på artiklar som omhandla nynorskfolk frå arbeidarrørsla, og å fronte lokale kjende namn som Side Brok og Egil Olsen.

– Men Skateboard har ikkje eigen artikkel enno. Eg trur få her i Ørsta/Volda veit kor stor Bård Aasen Lødemel er, seier Holen Bjørdal, og tipsar dermed Allkunne om ein ny biografi.

Fredric Holen Bjørdal lurer på om Allkunne kjenner konkurranse frå til dømes nynorsk Wikipedia.

– Nei, vi går fram på ein heilt annan måte. Alle artiklane som vert publisert hos Allkunne er skrive av fagfolk på emnet. Der etter vert dei kontrollerte, både fagleg og språkleg, poengterer Finnanger Sandsmark.

Alle forfattarar skriv dessutan kontrakt med Allkunne. Dette er ein standardavtale mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Nynorsk kultursentrum. Artiklane blir honorerte etter vanlege leksikonsatsar.

Fleire politikarar

Fredric Holen Bjørdal er politikar nummer tre som har vore gjesteredaktør. Dei to fyrste var fyrstekandidat for KrF i Sogn og Fjordane, Tore Storhaug og fyrstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn.

Det er avtalt at Jenny Klinge frå Senterpartiet skal få sine to dagar, like eins mat- og landbruksminister Jon Georg Dale og partisekretær Jon Ragnar Aarseth i Høgre. SV, MDG og Raudt har ikkje kome med kandidatar enno.