– Dette er sakte-TV på sitt beste, gliser Gunnar Knutsen, mannen som nok har vore over snittet interessert i fleirbrukshall-saka i Ørsta gjennom Ørsta Idrettspark, i fleire år. Måndag var den offisielle startdatoen, der entreprenøren HS Bygg starta montering av gjerde rundt byggjeområdet.

– Vi har vore på plass med kamera sidan juli, då ridehallen ved grusbana vart riven, så vi er allereie godt i gang med å dokumentere, fortel Knutsen.

13.000 bilde

Frank Olav Overå frå Elektroservice var denne veka på plass på taket på Idrettshallen for å gjere nokre finjusteringar av kameraa. Kvart kamera tek eitt bilde i timen mellom klokka seks om morgonen og seks om kvelden. 12 bilde i døgnet i heile byggjeperioden fram til hallen står klar i november 2018, vert om lag 13.000 bilde, kan Gunnar Knutsen fortelje, etter ein rask konsultasjon med kalkulatoren på mobiltelefonen.

Dette skal så verte sett saman til ein såkalla timelaps, ein film der sakte-TV vert raskt-TV, ved at bilda vert sett saman til ein film. Filmen vil vise bygginga av hallen på eit par minutt. Undervegs i byggjeprosessen vert det mogleg å studere bilda på ei eiga nettside.

– Her får vi dokumentasjon både på bygginga og på vêrtilhøva i Ørsta, humrar Knutsen.

– Nettsida er ikkje oppe og går enno, men er rett rundt hjørnet, forsikrar han.

Og målet, utanom eigainteresse for hallen for Knutsen sjølv, er å skape engasjement og entusiasme for Ørsta si nye storstove for idretten.

Historisk

– Dette er for det første historisk. Her kan folk følgje med på det som skjer. Riving av Barnas Vel mellom anna. Dessutan er det ein fin måte å også nå ut til utflytta ørstingar, og vise dei at ting skjer. I staden for at vi feirar fleirbrukshallen når dørene opnar, startar vi allereie no, seier Knutsen.

Kameraa vert finansiert gjennom Ørsta Idrettspark, i tillegg til at Elektroservice også sponsar litt av utstyret.

Kamera: To kamera er stilt inn mot byggeområdet på grusbana og i retning Barnas Vel. Kvart kamera tek eitt bilde i timen. Foto: Janne-Marit Myklebust