Det fortel leiar Elling Dybdal og styremedlem Eli Kjøde i Mellestiftinga Svendsengarden.

No inviterer dei alle ørstingar og Ørsta-venner til å verte med på ei kronerulling til inntekt for vidare oppussing av tusenårsstaden til Ørsta.

Svendsengarden fyller i år 150 år, noko som vert feira om ei veke. Både før jubileet og i samband med dette, har det vorte gjort store grep for å få det gamle huset og tunet i skikkeleg stand.

– Det er ikkje mange bygningar att i Ørsta som er like gamle, og bygningen representerer ei særmerkt historie. Dessutan er han viktig for Ørsta sentrum i sag, som noko som skil seg ut og saman med uteområdet ei grøn lunge, seier Dybdal.

Svendsengarden fekk ei stor andletslyfting innandørs i fyrste etasjen på 1990-talet. For nokre år sidan vart det gjort grep utandørs.

– No står loftet for tur, men vi vil ta det steg for steg, for dette kostar mykje. Det er strenge antikvariske krav til kva som må og skal gjerast, fortel Kjøde.

Difor vil det no i fyrste omgang verte satsa på å lage til loftsrommet under arka, fortel Kjøde.

Golvet skal målast, det skal på tidstypisk tapet på veggene, og tak og vindauge skal verte reparert.

– Og vi må også til med eit overrislingsanlegg på loftet, og vi må ordne det elektriske, seier Kjøde.

Det er fleire andre rom som manglar vedlikehald på loftet, og målet er at desse vert teke i ein seinare etappe.

– Vi har vore i kontakt med fylkeskonservatoren på korleis vi skal gjere det, og til dømes tapetlegginga, fortel Dybdal.

Mellestiftinga Svendsengarden har Ørsta kommune og Ørsta sogelag som partar, og stiftinga er ansvarlege for eigen økonomi.

– Vi fekk noko støtte av Kulturminnefondet med det arbeidet vi tok i sommar med å vedlikehalde huset utvendig. No har vi fått noko støtte frå Sparebank 1, men ser det naudsynt å ta ei kronerulling for å finansiere det vi skal gjere på loftet, fortel Kjøde og Dybdal.

Dei presiserer at det arbeidet som skal gjerast i hageområdet med mellom anna tilstelling mot E39, er eit arbeid kommunen og Statens vegvesen har ansvaret for.

– Vi er positive til den medverknaden, seier Dybdal.