– Det er det same kvart år. Vi har utfordring med fugleskit, i hovudsak måsar. Dei bur i høgda, så det er vel naturleg, seier rektor Marianne Solbjørg Ose.

Dermed måtte vaktmeistrane trå til for å gjere skulen skinnande rein og klar til skulestart 21. august.

– Dei fortener all mogleg ros for innsatsen. No er skulen klar for eit nytt skuleår, seier Ose.

Utstyrt med høgtrykksspylar har dei spylt skuleplassen rein. Dei fleste vindauga har også fått seg ein sårt tiltrengt finpuss. Det er ikkje få vindauge det er snakk om.

– Det er ein stor jobb, men det må til. Det er vel dette som vert kalla naturens gang. Men no ser det reint og fint ut her!