Det melder Ørsta kommune på sine heimesider.

– Nokre har kanskje gått i andre barnehagar før, men dei aller fleste er heilt nye i barnehagen, skriv seksjon barnehage.

I Ørsta vert det gitt barnehagetilbod til om lag 600 barn. Ved årets hovudopptak det 137 søkjarar. 102 barn fekk tilbod om 1. valet sitt. 31 barn fekk tilbod om barnehageplass i andre barnehagar og ni av desse fekk 2. valet sitt.

– Per 1/8-17 har vi totalt gitt nytt barnehagetilbod til 146 barn. Talet er endra mellom anna fordi vi etter hovudopptaket har fått fleire nye søkarar, og endringar gjennom sommaren gjer at vi kan gi tilbod også til desse.

Ørsta kommunestyre vedtok å opprette eit midlertidig barnehagetilbod på Sæbø. Formalitetar kring godkjenning av lokala er ikkje klar, men det vert arbeidd med å få dette på plass. Fire barn ventar på å få ta til her. Det er ikkje venteliste på Sæbø ut over dette, men lokala kommunen skal leige gir høve til å utvide gruppa litt om det skulle vere behov for det.

Ørsta kommune har i fleire år hatt full barnehagedekning, men ikkje til ei kvar tid der foreldre ynskjer barnehageplass.

– Dalane krins er ein som siste åra har hatt for lite kapasitet. Dette håpar vi endrar seg med planlagt utviding. Også i dei andre barnehagane i sentrum er det per i dag fullt.