Sist laurdag var han tilskodar på kampen Rosenborg-Kristiansund (4-1), og det var første gongen han i sitt 91-årige liv var på Rosenborg si heimebane Lerkendal.

Ja, du les rett. Jon er 91 år, men han er framleis nysgjerrig på livet. Han er sugen på å lære og oppleve. Difor slo han til utan å nøle då sjansen baud seg. Han hadde lyst å sjå ein toppseriekamp nettopp på Lerkendal i Trondheim.

Dei fleste som kjenner Jon, hugsar han helst som eit varmt medmenneske og ein særs empatisk og dugande lege. Men sjølvsagt har han også mindre kjende sider og interesser i tillegg til yrket sitt. Fotball er ei av dei. Og det er kanskje ikkje så rart. Det er mykje fotball i familien. Brørne hans, Arthur og Lars, var begge markante fotballspelarar på Sunnmøre. Ja, ikkje berre der. Arthur (86) var også innom Lyn i Oslo. Lars, som døydde altfor tidleg, utmerkte seg først i Volda. Seinare flytte han til Sykkylven. Der gjekk han i spissen for å gjere VRF til eit av dei beste laga på Sunnmøre. Med det talentet han hadde, kunne han i dag ha spelt i ein toppklubb.

Jon derimot har ikkje har særleg greie på fotball; seier han sjølv. Det stemmer berre ikkje. Under kampen leverte han fleire innsiktsfulle kommentarar, mellom anna om spelestilen til Kristiansund.

– Dersom dei skal ha sjanse til å ta poeng, må dei spele meir direkte løpeballar på dei raske spissane sine, meinte han. No speler dei for omstendeleg, og då kjem dei til kort mot Rosenborg.

Og han fekk rett. Då Kristiansund i 2. omgang reduserte til 1-2, var det nettopp på ein løpeball i bakromet, der målskåraren sprang frå Rosenborg-forsvaret.

Jon nøler ikkje med å slå fast at dette var ei oppleving for livet, og han har ingenting imot ein reprise. I tillegg er Trondheim ein særs triveleg by, særleg når vêret er så sommarleg som det var siste helg.

Hugs også Rockheim

Han nytta også høvet til å vitje Rockheim, det nasjonale museet for populærmusikk frå 1950-talet og fram til i dag. Der vart han så oppslukt og imponert at han måtte skunde seg for å nå fotballkampen.

– Rockheim var ei fantastisk oppleving. Viss du er i Trondheim, må du for all del nytte høvet til å vitje huset. Der var det ikkje mykje som minte om keisame museumsvitjingar frå skuletida. Eg kunne gjerne ha vore der endå lenger enn dei tre-fire timane vi var der, sluttar den vitale 91-åringen. Og ser fram til nye opplevingar og erfaringar.

På kamp: Jon, analytisk og ivrig tilskodar. Foto: Terje Kjøde Foto: terje kjøde