Du vil rett nok ikkje få døra i fleisen. Gullan er alt for snill og kjekk til det. Likevel: Det vil definitivt vere verdas dårlegaste tidspunkt å besøke henne på når The Gunners spelar kamp på TV. For då sit Gullan planta på sin faste plass i stova. Ikkje berre ho: Den staute katten Simba er også Arsenal-tilhengjar. Han hoppar på fanget til Gullan når ho ropar på han. Og så sit dei der begge to og kikar på kamp i nitti minutt. Gjerne også i reprise (!).

Før kampen kan Gullan vere nervøs, kvalm og dårleg. Men skårar Arsenal, veit naboane at det er fotballukke i heimen i Haslevegen på Vallabøen. For dei kan høyre jubelen lange vegen.

– Eg ropar under kampane, men ikkje elles. Men eg må rope, eg er jo fotballgal og hekta på Arsenal, ler 66-åringen hjarteleg og inviterer på kaffi og kaker.

Ein må vere blind for å ikkje oppdage at dette er ei dame som er oppslukt av London-klubben Arsenal sine stjerner. På stovegardinene heng ei Arsenal-drakt med namnet Gullan. Ein vimpel heng like ved. Og på bordet ved fjernsynet står ei rekkje Arsenal-effektar. Og kaffien, den vert sjølvsagt servert i raude og kvite krus. Og når vi besøkjer henne vert det snakka Arsenal på Sportskanalen.

Fekk interessa

Gullan Skogstrøm var to år då ho fekk interesse for fotball. Faren, Jørgen Johan Jørgensen, var fotballdommar. Då han skulle dømme kamp på Stranda, plasserte han Gullan i utstyrsbagen sin. Midt under kampen fann vesle Gullan ut at ho ville på bana ho også. Då vart kampen stoppa. Og sidan har Gullan vore hekta på den runde ballen.

Sjølv om ho følgjer med Hødd, Molde og AaFK, og heisar flagget på terrassen når landslaget sine menn spelar kamp, ligg fotballhjartet hennar først og fremst i London, på Emirates Stadium, og i Arsenal. Då Gullan for over tretti år sidan flytta tilbake frå Oslo til Ørsta, vart ho nabo med ein svært ivrig Arsenal-supporter. Gullan byrja å sjå Arsenal-kampar ho også. Og då var det gjort. Ho vart hekta så det susa:

– Eg skal vere Arsenal-tilhengjar til min døyande dag, insisterer Gullan, kjent for sitt gode humør trass i at ho har øydelagde hofter og kne, og andre helseplager.

Gullan kan finte ut mange med kunnskapen sin om Arsenal. For ho følgjer nøye med klubben, på kjøp og sal av spelarar og alt anna. Ho ramsar opp namna på spelarane og tek manager Arsène Wenger i forsvar når vi dristar oss til å kalle han ein suring.

– Nei, nei, slett ikkje. Wenger er ein tenkjande mann, ein professor i fotball. Men han har ofte store problem med å drage opp glidelåsen i boblejakka si der han sit på benken, det ser eg ofte, humrar Gullan.

Ho har sans for Wenger, men meiner ting kan gjerast betre i måten Arsenal spelar på.

– Det kan verte for mange pasningar og litt for mykje nonchalant spel. Dei bør spele meir direkte.

Ikkje overtydd

Ho tippar med hjartet, og sender laget hennar på topps i ligaen sjølv om ho ikkje er heilt overtydd.

– Eg har tippa Manchester City på andreplass og Liverpool på plassen etter. Men City verkar sterke, og kan gå til topps. Eg trur det kan verte som i fjor med Arsenal, at dei opnar sterkt og leiar tabellen, før skadane kjem til jul og laget hamnar bakpå. Dessutan er det litt uro i laget og blant fansen no over spelarar som ikkje vil signere kontraktar, fortel den lokale Arsenal-eksperten som sjølv har sett heltane sine i levande live ein gong. Det var for fem år sidan då ho sat på Arsenal si VIP-tribune og såg Newcastle slå The Gunners 1–0.

Kva med andre lag i England? Berre ikkje nemn Tottenham eller United for Gullan, og for den sags skuld Rosenborg eller Brann. Men Liverpool kan ho til ei viss grad like fordi ho likar Jürgen Klopp. Og Newcastle elskar ho. Gullan er så begeistra for legendariske Kevin Keegan at ho for førti år sidan gav sonen sin namnet Kevin etter den tidlegare Liverpool-stjerna og Newcastle-manageren.

– Presten som eigentleg skulle døype han nekta, så eg kontakta ein annan prest. Han var Liverpool-tilhengjar og døypte Kevin gladeleg. fortel Gullan om sonen.

Ei pine

Ventetida for fotballstarten i England har vore ei pine for henne. Men no skjer det: I kveld, fredag spelar Arsenal sin første kamp, heime mot Leicester. Då koplar Gullan Skogstrøm frå ringeklokka i huset og legg ut ein tydeleg beskjed på Facebook: «Det er kamp. Eg er utilgjengeleg».

– Arsenal er nemleg heilag for meg!

Foto: Roy-Arne Folkestad