Førehandsrøysting: Aslaug Marie Øyehaug, varaordførar Karen Høydal og Per Arne Sørheim ser til at Fredric Holen Bjørdal røystar slik han skal.
            (Foto: Rune Sæbønes)

Førehandsrøysting: Aslaug Marie Øyehaug, varaordførar Karen Høydal og Per Arne Sørheim ser til at Fredric Holen Bjørdal røystar slik han skal.Foto: Rune Sæbønes

Føreåtrøystinga i gang

Torsdag vart det opna for førehandsrøysting i Ørsta. Folk kan førehandsrøyste til og med fredag 8. september.

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) var ein av dei fyrste som nytta seg av sjansen til å førehandsrøyste på sørviskontoret til Ørsta kommune på rådhuset.

– Eg førehandsrøystar for å vere heilt sikker på at eg får røyste. Det er sannsynleg at eg er i Ørsta valdagen, men under valkampen kan ein aldri vite. Det kan vere at eg er på Smøla, seier Holen Bjørdal.

Laurdagsope

Folk kan førehandsrøyste på sørviskontoret alle kvardagar i den vanlege opningstida. I tillegg vert det ein dag med langope, den 7. september. Det vert også opna for førehandsrøysting laurdag 2. september.

Vidare vert det førehandsrøysting i Norangsfjorden på Urke grendehus den 7. september, og det er fastsett datoar der det vert førehandsrøysting på institusjonane. Informasjon om dette er på kommunen sine heimesider.

– Folk kan også søkje om å få røyste heime, fortel Elisabeth Sæbønes på sørviskontoret.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Nytt utspel i Bjørke-debatten

I eit brev underskrive av 25 personar på Bjørke vert det reist kritikk mot «unge vaksne » sitt utspel om grensejustering.

Portrett

Brødrene Øyehaug - ved to av dei

For brørne Einar og Per Øyehaug er nøysemd, gründerånd og skepsis til banklån noko dei har i blodet.

75 års-jubileum

Ein siste skanse i møbelbygda

Denne hausten feirar Brødr. Øyehaug 75-årsjubileum. Dei har ei historie å vere stolte av.

Siste dans for Marna

Marna Haugen Burøe er ute av "Skal vi danse"

Tatt for fyllekøyring

Politiet stoppa bilførar i Hovdebygda. Mistanke om promille.

- Ein pris mange fortener ein bit av

Per Oddvar «Prots» Hildre om å ha fått St. Olavs Orden.

Høgtideleg seremoni

Prots fekk St. Olav

Kordirigenten Per Oddvar "Prots" Hildre fekk overrekt St. Olavs orden laurdag.