Tala frå Avinor syner at 7.884 passasjerar reiste til og frå Hovden i siste månad. Det er ein vekst på 3,1 prosent.

Samla for Avinor sine flyplassar var det ein vekst på 5,2 prosent.

Til no i år har 62.197 passasjerar reist til og frå Hovden, og det er ein vekst på 4,4 prosent.

Hovden har no hatt vekst i fleire månader på rad, etter at det nokre år, etter at krisa i offshorenæringa kom, var nedgang i trafikktala.

Veksten på Hovden er litt større enn den samla trafikkveksten på Avinor sine flyplassar. Han er på 3,0 prosent i løpet av dei sju fyrste månadene i året.

Av kortbaneflyplassane på Vestlandet er det Hovden som har den største veksten. Flyplassane i Sogn og Fjordane ligg rundt nullvekst, eller har nedgang i passasjertrafikken.

Ålesund lufthamn, Vigra, har hatt ein vekst på 1,3 prosent i innanlandstrafikken så langt i år.

For utanlandstrafikken har det vore ein nedgang for Vigra. Til og med juli var nedgangen på 4,6 prosent. Samla for inn- og utland er det ein liten vekst på 0,2 prosent.