Førre oppgjer mellom desse to enda 5–1 til Herd 2.

– Vi vinn kampen fortent 3-2, trass i at kampen lenge ligg og vippar.

Trenar for Hovdebygda, Kenneth Nydahl, fortel korleis kampen utvikla seg.

– Etter 20 minutt, på 1-0, vinn me ball høgt i bana. Då spelar me sentralt, der Martin Roald dreg seg forbi ein mann og skyt lågt i lengste hjørnet. Eit godt gammaldags Ole Gunnar Solskjær-mål med andre ord.

Etter ein halvtime gått, gjer Jonas Sira ein glimrande jobb for Hovdebygda.

Skryt

– Dette skal Sira ha skryt for. Sira er heilt nede ved Herd si dødlinje, rundar to mann og sender eit fantastisk innlegg til Eirik Kalland, som dunkar ballen i mål.

Etter ei lengre periode med vipping att og fram i kampen, kjem Jon Anders Dyrkorn til Hovdebygda si unnsetning 20 minutt før slutt.

– Me kjem fram på sida. Fredrik Jørgensen slår innlegg, og Jon Anders kranglar ballen i mål til 3-2, og tre poeng for oss.

– Me hadde ein plan om å gå hardt ut, men me blir hengande halvvegs i tauet ei god stund likevel. Heldigvis kjem me meir og meir inn i kampen etter kvart.

Sjølvsikker Nydahl

Nydahl er sjølvsikker på Hovdebygda-laget sine vegne.

– Me kunna skåra dobbelt så mange mål siste 30 minutta. Og med tanke på sjansane me hadde i fyrste omgang, kunna me skåra dobbelt så mange mål der også. Me burda heilt klart leda pent til pause.

– Dei får to kjappe mål før pause i løpet av ei femminuttsperiode, og kampen byrjar å bikke meir og meir.

Trenaren hadde ein plan

Nydahl hadde ein plan for andre omgang.

– I andre omgang blir me einige om å «gunne» på igjen, men det blir mykje stillingskrig på midten. Ut i omgang var me likevel sterke, og tok meir og meir tak i kampen. Det vart eit veldig hardkøyr på slutten, og veteran Lasse Olsen kom inn etter 60 minutt i håp om å sette spikaren i kista.

Han opplyser om at kampen gjekk i bølger, men at dei stort sett hadde kontroll bakover.

– Difor vann me ein veldig fortent siger.

I vårkampen vart det vanskeleg for HIL.

– Då blei me fullstendig utspelt. Rett og slett. Herd har eit svært ungt, teknisk og raskt lag som kanskje er eit av dei mest lovande juniorlaga på Sunnmøre. Dei har derimot ikkje så mykje fysikk til å halde ut. Problemet då var at dei fekk moglegheita til å spele sitt spel, og me tapte. No på torsdag derimot, tok me tak i kampen, og styrte den i 70 av 90 minutt. Det er vårt kjenneteikn: me jobbar som eit lag.

Spelarar ute

Hovdebygda har profilar som er ute på tur.

– Jonathan Åmot Olsen, vår faste keeper, er no med i VM i triksing. Difor lånte me Elias Myklebust (16) frå Ørsta sitt lag som keeper til denne kampen. Det er veldig kjekt, både for Elias sjølv og for Hovdebygda. Han er ein god keeper, fortel Nydahl.

Gode debutantar

Nydahl seier vidare at debutantane Fredrik Jørgensen og Elias Myklebust var særs flinke. Fredrik var eit stort uromoment for motstandaren, og Elias gjorde ein god kamp. Elles vil han trekke fram Jonas Sira og Martin Roald som gode spelarar, men laget er i det heile i særs godt gjenge om dagen.

Neste kamp for Hovdebygda blir neste torsdag, mot Volda2 i Volda.

Vil klatre

– Målet for hausten er å klatre på tabellen. Me har i vår møtt alle lag i divisjonen, og har eigentleg hatt moglegheit til å slå alle saman utanom Blindheim. Me har tapt nokre gonger, men omtrent aldri blitt heilt utspelt. Me går ikkje inn i ein kamp for å tape, og me tek ein kamp om gangen.