Folket i Melsbygda er i opprør. Dei er i opprør over den auka trafikkmengda siste åra, utan at fylkesvegen gjennom bygda, frå Ose til Åm, har vorte rusta opp. Han er smal og svingete.

Folk er i opprør over at det vert planlagt ein ny samleveg i Smådalane for å løyse trafikkproblema i Osgeila, og fryktar at dette vil auke trafikkproblema.

– Vi er ikkje i mot at det vert ei løysing for Osgeila og Rystefeltet med ein samleveg, men viss dette skjer berre med å leggje trafikken over på Melsvegen, utan at han vert rusta opp, berre flyttar og forsterkar ein problema, seier Henning Melle.

Han og andre tok i slutten av førre veke eit initiativ til å få møte med kommuneleiinga om problema. På kort varsel stilte kring tjue innbyggjarar i bygda til ein spontan aksjon, og der dei møtte ordførar Stein Aam, assisterande rådmann Eldar Rune Øye og avdelingsleiar Gunnar Wangen for å setje eit søkjelys på problematikken.

Bakgrunnen for den spontane aksjonen var at det vart starta arkeologiske registreringar i samband med forvarslinga av planen om samleveg i Smådalane. Bebuarane langs Melsvegen fryktar at det kjem ei vegløysing som berre vil forsterke allereie eksisterande problem.

– Vi kjenner at vi er andrerangs innbyggjarar, og at vi ikkje vert høyrde, seier Henning Melle.

Han viser til at det er tretti skuleborn berre i området på Melle, og dei skal gå langs ein veg som verken har fortau, har gode nok gatelys, er brei nok til å takle møtande trafikk eller er oversiktleg.

– I tillegg til trafikkveksten vi har fått siste åra, er det også mykje fartsoverskridingar. Her er femtisone frå Ose til forbi Sporstøyl, men denne grensa vert ikkje respektert, seier Melle.

Overfor representantane frå kommunen vart det sett fram ei rekkje krav. Hovudkravet er at det ikkje kan kome nokon samleveg utan at Melsvegen vert rusta opp. Vidare at det vert gjennomført fartskontrollar, og dessutan er innbyggjarane skeptisk til den planlagde vidareføringa av samlevegen/ringvegen over Ørstaelva og til Mosflatevegen ved Grepa-bygningen.

– Det vil vere ein omveg, og ein slik veg vil ikkje fungere for mjuke trafikantar som skuleborn. Denne vegen bør i staden ha retning mot Ørsta eldhus, seier Arne Gunnar Melle.

Ordførar Stein Aam lytta til argumenta. Han forklarte at saka har prioritet i kommunen, men at fylkeskommunen må med som ein medspelar for å få til ei løysing.

– Dei kortsiktige løysingane må handle om å få rusta opp vegen frå Melle til Ose og få gjennomført fartsreduserande tiltak. I planprosessen ynskjer vi dykk velkomne til å kome med innspel. Vi skal lytte til argumenta, sa Aam.

Han poengterte likevel at nokre av tiltaka må sjåast på som langsiktige.

Avdelingsleiar Gunnar Wangen forklarte at tanken med å leggje traseen til den framtidige ringevegen frå Flyplassområdet/Rystefeltet/hansholen over til Grepa-fabrikken og Mosflatevegen, er å sjå det i ein heilskap med den vidare sentrumsutbygginga.

– Ringevegen vil med ein slik trase verte kopla på den nye vegen til det nye bustadfeltet Fremre Mo, forklarte Wangen, medan ordførar Aam peika på at ein også måtte sjå dette i samband med planane om kvar ein framtidig fv. 655 skal gå frå ei ny høgebru og til Ørsta sentrum.

– Om det vert via Odinhjørnet som i dag, eller om han skal kome inn på Ose, sa Aam.

Det fekk dei frammøtte frå Melsbygda til å steile.

– Det vil ikkje løyse våre problem, sa Henning Melle.

Delegasjon: Assisterande rådmann Eldar Rune Øye, ordførar Stein Aam og avdelingsleiar Gunnar Wangen frå kommunen. Foto: Rune Sæbønes