Daniel Aakre skåra det siste målet for Ørsta.
            (Foto: Joachim Åsebø)

Daniel Aakre skåra det siste målet for Ørsta.Foto: Joachim Åsebø

Ørsta med storsiger

Torsdag kontrollerte Ørsta pent inn til 4–0 mot Åram/Vankam på ei våt bortebane.

Trenar for Ørsta, Are Bjørgum, seier at det starta bra.

– Me hadde ein plan om å spele langt. Fyrste målet kom med at me eigentleg spelte altfor langt, heilt til deira keeper. Han tabba seg, og Jan Marius Brekke plukka opp ballen og sette den i buret til 1–0.

Før pause kjem det andre og tredje målet til Ørsta på corner.

– Marius Ulla og Borgar Ose gjer ein veldig god jobb. Marius headar pent inn 2-0, medan Borgar sett ballen i kassa til 3–0 etter mykje klabb og babb framfor mål.

- Full kontroll

I andre omgang kjem 4–0 ti minutt før slutt ved ei god kontring frå oss. Daniel Aakre set ballen i mål. Are Bjørgum fortel litt om kampbiletet.

– Ørsta var stort sett betre heile kampen, men hadde berre nokre få sjansar i 1. omgang. I andre omgang hadde me full kontroll og skapar ei heil masse sjansar, der me i tillegg til skåringa lagar tre mål som blir annullert. To av dei er offside medan på den siste blir det blåst mot oss fordi ein av våre spelarar blir riven i bakken.

Bjørgum fortel at Ørsta førte kampen meir og meir etter kvart.

Gode bytte

– Spesielt i andre omgang vart dei slitne. Då bytta dei inn ungt, medan me bytta inn godt.

– Dei fleste med oss spelte godt, men Marius Ulla og Borgar Ose som viste seg spesielt godt fram.

Neste kamp for Ørsta er torsdag i neste veke. Då spelar dei på heimebane mot Giske.

– Målet utover hausten blir å rykke opp. Det har me jobba knallhardt for, og det skal me fortsetje med. Noko anna er ikkje godteke. Me har 10 kampar igjen, 30 moglege poeng. Alt kan skje. Med dagens mannskap meiner eg me har gode sjansar.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Nytt utspel i Bjørke-debatten

I eit brev underskrive av 25 personar på Bjørke vert det reist kritikk mot «unge vaksne » sitt utspel om grensejustering.

Portrett

Brødrene Øyehaug - ved to av dei

For brørne Einar og Per Øyehaug er nøysemd, gründerånd og skepsis til banklån noko dei har i blodet.

75 års-jubileum

Ein siste skanse i møbelbygda

Denne hausten feirar Brødr. Øyehaug 75-årsjubileum. Dei har ei historie å vere stolte av.

Siste dans for Marna

Marna Haugen Burøe er ute av "Skal vi danse"

Tatt for fyllekøyring

Politiet stoppa bilførar i Hovdebygda. Mistanke om promille.

- Ein pris mange fortener ein bit av

Per Oddvar «Prots» Hildre om å ha fått St. Olavs Orden.

Høgtideleg seremoni

Prots fekk St. Olav

Kordirigenten Per Oddvar "Prots" Hildre fekk overrekt St. Olavs orden laurdag.