Det skriv ordførar Stein Aam i ein e-post til beredskapskontakt i kommunen, Per Ivar Lied.

– Vi som på nært hald såg skadane i Barstadvik er sikre på at nye flaumskadar kan skje i Ørsta i framtida. Det er eit tungt ansvar for kommunen, og vi må gjere ein innsats for å få kartlagt/oppdatert potensiell flaumfare, skriv ordføraren.

Han varslar at han ønskjer å kalle inn sentrale personar i kommunen til samtale/møte for å få oversikt over farane i elvar og vassdrag.

Møtet er sett til 16. august. Per Ivar Lied kallar inn til eit delberedskapsmøte, der lokalt politi og Ørsta Røde Kors også er invitert. På dagsorden står mellom anna gjennomgang av risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) når det gjeld flaum, i tillegg til drøfting av status når det gjeld større og mindre elvar/flaumfare, planlegging, bustadfelt, avløp/dimensjonering, ev. tiltak.

– I ROS-analysen er faren for ras og flaum omtalt som høg risiko. Flaumskadar er altså noko vi må vere godt budde på, skriv Lied i innkallinga.

– Korleis er vi budde på dette?