Trenar for Ørsta, Are Bjørgum, seier at det starta bra.

– Me hadde ein plan om å spele langt. Fyrste målet kom med at me eigentleg spelte altfor langt, heilt til deira keeper. Han tabba seg, og Jan Marius Brekke plukka opp ballen og sette den i buret til 1–0.

Før pause kjem det andre og tredje målet til Ørsta på corner.

– Marius Ulla og Borgar Ose gjer ein veldig god jobb. Marius headar pent inn 2-0, medan Borgar sett ballen i kassa til 3–0 etter mykje klabb og babb framfor mål.

- Full kontroll

I andre omgang kjem 4–0 ti minutt før slutt ved ei god kontring frå oss. Daniel Aakre set ballen i mål. Are Bjørgum fortel litt om kampbiletet.

– Ørsta var stort sett betre heile kampen, men hadde berre nokre få sjansar i 1. omgang. I andre omgang hadde me full kontroll og skapar ei heil masse sjansar, der me i tillegg til skåringa lagar tre mål som blir annullert. To av dei er offside medan på den siste blir det blåst mot oss fordi ein av våre spelarar blir riven i bakken.

Bjørgum fortel at Ørsta førte kampen meir og meir etter kvart.

Gode bytte

– Spesielt i andre omgang vart dei slitne. Då bytta dei inn ungt, medan me bytta inn godt.

– Dei fleste med oss spelte godt, men Marius Ulla og Borgar Ose som viste seg spesielt godt fram.

Neste kamp for Ørsta er torsdag i neste veke. Då spelar dei på heimebane mot Giske.

– Målet utover hausten blir å rykke opp. Det har me jobba knallhardt for, og det skal me fortsetje med. Noko anna er ikkje godteke. Me har 10 kampar igjen, 30 moglege poeng. Alt kan skje. Med dagens mannskap meiner eg me har gode sjansar.