Det er i ein merknad til søknaden som Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ute til høyring, at dette kjem fram.

Profunda AS har søkt om løyve til utvida produksjon av stamlaks på området: det er snakk om ei dobling av produksjonsvolumet.

Kommune slår fast at søknaden om utviding er i samsvar med reguleringsplanen, der reguleringsføremålet er industri/landbasert fiskeoppdrett.

– Vi les grunngjevinga i søknaden slik at det er valt eit gjennomstraumingsanlegg utan resirkulering av vatnet av omsyn til smitterisiko internt i anlegget. Det vert likevel synt til at bedrifta i eit lenge perspektiv ser for seg ei løysing med filtrering og oppsamling av forpestar og ekskrement, heiter det frå kommunen.

Det vert mint om at poenget med landbaserte anlegg nettopp er høvet til å samle opp avfall og næringsstoff, og unngå utslepp av dette i fjordsystema.