Hildegunn Ose var på ein liten spasertur i sentrum då ho kasta eit blikk ned og såg fleire titals humler ligge døde på bakken under ei stor parklind like ved rådhuset. Ho plukkar opp nokre av dei og legg dei i handa.

– Eg veit kva det er de ser etter, seier Bjørg Gjersdal, som kjem gåande.

– Eg har sett det sjølv, fleire andre stader i sentrum. Det er døde humler! Kva er det som kan vere årsaka? undrar ho.

Dei plukkar opp nokre fleire. Der er nok å ta av.

– Eg har sett fleire artiklar siste tida om at humlebestanden er truga. Eller insekt generelt. Det er så trist å sjå, seier Ose, som legg til at ho er over snittet interessert i humler og bier om dagen, og også har investert i eit eige biehotell som ho har i hagen.

Humlene er rekna som viktige for pollinering av mange ulike planteslag

Parklind

Ornitolog Alv Ottar Folkestad har svaret. Sjølv om fuglar er ekspertfeltet hans, har han god greie på andre flygande vesen også, som humler.

– Dette har vore eit velkjent fenomen i Ørsta i fleire år, seier han.

– Det er grunna parklinda. Ørsta er kjent for å ha mange parklind, som er svært attraktive for humler og bier i blomstringstida. Der er det rikeleg me nektar å ta av.

Parklinda er ei kryssing mellom den naturlege linda vi har i Noreg, og storbladlinda. Problemet er at nektaren frå parklinda kan vere giftig for humler og bier. Det finst fleire teoriar om dette, for det er ikkje kvart år at treet fører til humledød. Men det vert sagt at parklind tidvis kan produsere mykje av sukkerarten mannose, som humler ikkje kan fordøye – men som bier kan i større grad. Ein annan teori er at trea går tom for nektar og at humlene svelt i hel. Lindetrea skil nemleg ut duftstoff som trekkjer til seg humler og bier, og grunna duftstoffa vert humlene verande i treet, sjølv om det skulle gå tomt for nektar, og dermed svelt dei i hel. Biene derimot flyg vidare for å finne mat andre stader.

– At det no ligg fleire titals døde humler under parklind-trea i Ørsta, treng ikkje å vere dramatisk, forsikrar Folkestad.

Han meiner det har vore eit generelt godt insektår i år.

– For naturen er det svært positivt. Verre kanskje for oss som må gå rundt og vifte vekk mygg og klegg, humrar han.

Folkestad meiner også at det har vore eit godt blomstringsår, og at det også kan ha spelt inn for humledøden i Ørsta. Der har vore nok nektar å ta av.

Å fjerne trea meiner han er unødvendig. Humlene klarer seg, meiner han, og i Noreg er ikkje bestanden like truga som han vert sagt å vere andre stader.

– Lukta av blomstrande lind høyrer sommaren til, seier han.