Orda kom spontant på toppen av Vallahornet laurdag. I samband med Saudehornet rett opp var det invitert til intimkonsert 830 moh. Vêret kunne på alle moglege måtar ha vore betre. Folk var våte til skinnet. Skodda var tjukk som graut.

– Eg trur alle som stod der oppe forstod kva eg meinte. Vi trengde litt humor. Men eg gjer det gjerne igjen! Og at vêret var så dårleg som det var, meiner eg gjorde heile opplevinga ekstra intens og spesiell. Det var liksom vi mot verda. Og at det kom så mange folk var overraskande og veldig kjekt!

Ein halvtime før konserten vurderte Egil Olsen å starte spelinga. Der stod ein handfull våte og kalde publikummarar og venta. Fingrane til Olsen var i ferd med å få ein svak blåfarge. Gitaren hang «til tørk» under teltet. Han hadde ikkje trua på at det ville kome så mange fleire.

– Men så strøymde det til folk frå alle kantar. Dette er liksom mi greie. Å spele på spesielle stader likar eg godt, og eg trur publikum likar det også. Viss ikkje hadde dei ikkje møtt opp. Eg var fast bestemt på å gjennomføre. Eg er sta.

I ein liten halvtime stoppa Egil Olsen tida, der oppe på fjelltoppen. Berre han og gitaren, med rytmisk tromming frå regndropane i det dei trefte teltduken. Omringa av skodde på alle kantar. Intimkonsert i ordets rette forstand. Ei oppleving for minnebøkene. Eller sosiale medium – som kanskje er meir vanleg no til dags.

– Eg trur mange tenkte: Om Egil klarer å gå til toppen av Vallahornet, så skal jammen eg også klare det. Eg såg mange «ikkje-fjellfolk» der for å seie det slik. Og nokon fjellmann er eg ikkje sjølv heller. Eg likar fjell, men eg likar også å bruke tida mi på andre ting enn å gå i dei.

Då er det inga hemmelegheit at Olsen bruker mykje av tida si på musikk. 25. august slepp han sitt nye album «You and me against the world». Det femte i rekkja. Smakebitar frå albumet fekk publikum på Vallahornet.

– Eit langt meir oppløftande og positivt album enn mitt førre. Der grov eg med vilje i litt meir mørke tankar. Det gjorde nok at eg enda opp med å ha det noko dårlegare enn det eg eigentleg hadde det. No trudde eg det skulle verte ein leik, å lage eit positivt album. Men musikk er aldri enkelt. Og eg har ein tendens til å overtenke ting. Og så pirkar eg veldig før eg er nøgd. Men no er eg nøgd.

Kjærleik er stikkordet for det nye albumet.

– Eg og Karen, kona mi, har vore saman over halve livet. Ho er ei stor inspirasjonskjelde. Men det handlar ikkje berre om henne. Vi har ein son på to år. Det handlar om han også. Og om vener og relasjonar. Korleis alt dette gjer at du ønskjer å verte ei betre utgåve av deg sjølv. Men tankane mine kvernar. Alt er ikkje roseraudt. Om eg hadde vore utelukkande positiv hadde eg ikkje vore ærleg. Og eg er ærleg. Det er mi greie. Det å stå framfor eit publikum og ikkje synge ærleg, det ligg ikkje for meg.

Han trudde han hadde laga eit rockealbum, for han har med både trommer og andre instrument på det nye albumet, i tillegg til seg sjølv og gitaren sjølvsagt.

– Men dei som har greie på rock seier at det ikkje er heilt rock likevel. Det er nok fordi eg følte sjølv at eg tok heilt av, men så gjorde eg kanskje ikkje det likevel. Men det er framleis Egil Olsen. Det er min musikk, berre med litt meir «bråk» til. Eller ikkje bråk, men med meir energi.

Det handlar om oppturar og nedturar. Kampen om å leve i verda.

– For vi lever i ei ganske grufull verd til tider. Då handlar det om at alle lagar si eiga boble, ei verd for seg sjølv, der dei prøver å ha det bra. Ei trygg boble. Det er vel det som er konseptet bak denne plata. Og så er ho litt – bitte litt – politisk. Eg er ikkje politisk, men i den grad du kan seie at eg er det, så er eg det her. Med eit lite spark til verda og til internett og dobbeltmoralen vi ofte ser. Eg vil seie at plata er både rørande og fin.

Eit sjette album har han allereie i ermet. Men først vert det plateslepp på Rockefeller 23. august. Plata vert tilgjengeleg frå 25. august.

Med seg på trommer på albumet har han Klaus Robert Blomvik, på perkusjon Butch, saxofon Jesse Heckman, trombone og vokal Kevin Steinmann, anna vokal Camilla Romestrand og Ethan Gold.

– Eg elskar å opptre. Før likte eg best å stå i studio. No likar eg meg best på ei scene der eg kan få augekontakt med dei eg spelar for. No må eg berre gå av meg litt stive lår etter turen til Vallahornet, så er eg klar for nye scener. Og vert eg invitert igjen, så kjem eg!