Skjenkjestaden Norrøna Pub er tildelt tre prikkar som reaksjon frå Ørsta kommune etter brot på skjenkjeføresegnene.

Det var ein skjenkjekontroll som tidlegare i sommar avdekte to forhold. Det eine at openbert rusa personar fekk kjøpe alkoholhaldig drikke, og det andre at folk fekk ta med seg alkoholhaldig drikke til verksemda sitt uteområde, sjølv om skjenkjetida der var over.

Prikksystemet for skjenkjestader vart innført i fjor, og viss ei verksemd får meir enn tolv prikkar, misser vedkomande løyvet for ei veke. Prikkane vert hengande ved verksemda i to år.

Rådmannen vurderte om det skulle vere ein strengare reaksjon, men då føregåande kontrollar ikkje har avdekt liknande brot på føresegnene, vel rådmannen å sjå på brota som eit einskildhende.