Det fortel sauebonde Per Gunnar Sætre på Sætre rett utanfor Ørsta sentrum.

Søndag måtte han rykkje ut til Skytjadalen for å avlive eit lam som hadde vorte hardt skadd. Lammet vart jaga av ein hund.

– Eg var sjølv på hytta i Skorgedalen då eg fekk telefon frå politiet sine operasjonssentral. Dei hadde fått melding frå eit vitne om at ein hund hadde jaga eit av lamma mine, og at lammet truleg var skadd, fortel Sætre.

Han kom seg heim til garden, henta ei skytemaske i tilfelle han måtte avlive dyret, og køyrde til Fonnavegen.

– Eg var veldig usikker på om kom til å finne noko, for det var mykje skodde og dårleg sikt. Men skodda letta noko, slik at eg fekk eit vindauge med tid, fortel Sætre.

Han kom i kontakt med vitnet som hadde sett hendinga over telefon, og fekk forklart kvar lammet kunne vere.

– Vedkomande var sjølv på Kyrkjetinden, og hadde sett jaginga derifrå. Han var sjølv på veg ned til lammet. Han fortalde at lammet la seg til, og at han trudde det var daudt. Men det var liv i det. Lammet prøvde å reise seg, men la seg ned att, fortel Sætre.

Han følgde skildringa av kvar lammet låg, og fann lammet ganske raskt.

– Lammet låg der vitnet hadde observert det, og det var veldig fortumla. Det viste seg at det eine lårbeinet var heilt knust. Det var som sukker. Eg vurderte det slik at det ville ha vore ei pine for lammet om eg hadde teke det med heim til garden, og bestemte meg for at lammet måtte avlivast med skytemaska, fortel Sætre.

Håpte på kontakt

Han venta at det ville kome ein telefon til han frå hundeeigaren.

– For det kan ikkje vere så vanskeleg å finne ut at det var mine sauer. Eg er den einaste som har sauer i dette området. Vitnet som fann ut at det var mine sauer, greidde det med å kontakte Odd Bjarne Bjørdal, fortel Sætre.

Men ingen telefon har kome.

– Eg har også lagt ut om hendinga på Facebook-sida mi, og håpa at hundeeigaren tok kontakt. Eg tenkte at det ville vedkomande gjere når han kom ned frå fjellet, seier Sætre.

Han har snakka med politiet, som har forklart at dei ikkje kan gjere meir med saka utan fleire vitneobservasjonar.

– Og kanskje er det nokon med dårleg samvit der ute som vil melde seg, seier Sætre.

Han fortel at det er eit aukande problem med hundar som går lause i fjellet.

– Eg har hatt ein episode tidlegare, i fjor eller året før, der ein hund jaga eit lam inne i Skåla. Det gjekk heldigvis bra. Vi høyrer jo stadig hundar som gøyr, og fleire hundar vert det i takt med at også fleire folk nyttar seg av desse områda til rekreasjon, seier Sætre.

Vurderer å slutte

Han tel no på knappane om det er verdt å halde fram med sauehaldet.

– Folk seier til meg at det er viktig at eg held på med dette, for sauer høyrer jo til i utmarka. Lam lever generelt eit utrygt liv, og det er mykje vi ikkje kan gjere noko med. Men akkurat dette problemet, at hundar jagar sauer og lam, det kan vi gjere noko med, seier Sætre.

Han undrar seg litt over folk sine haldningar.

– Når folk går seg på sjuke dyr, får eg melding om det. Men når hundar gjer noko, då får eg ikkje høyre noko frå hundeeigarane. Eg veit jo korleis hundar er. Dei vil ikkje vondt, berre leike, men konsekvensane vert alvorlege viss dei vert sleppte lause, seier Sætre.