Det seier han etter at han vart gjort kjent med at snittmålingane i tunnelen ikkje har fungert på over to år.

Flyt godt

Guttorm Hagen seier politipatruljane køyrer gjennom tunnelen heile døgnet, og at inntrykket deira er at trafikken vanlegvis flyt godt. Men etter at det vart kjent at fartsmålinga i Eiksundtunnelen ikkje fungerer, seier Hagen:

– Det er halde laserkontrollar i Ellingsøytunnelen og i tunnelane på Kvivsvegen, så slike kan kome også i Eiksundtunnelen.

Rettar feilen

Han rår folk til å halde fartsgrensa, unngå saktekøyring og ikkje jage.

– Ein kjem raskt nok gjennom tunnelen viss ein held fartsgrensa, slik unngår vi ulukker. Eg håper Statens vegvesen rettar feilen snart, seier Hagen.

Ifølgje vegvesenet skal fartsmålinga i Eiksundtunnelen fungere igjen i løpet av hausten.