Politiet vil aksjonere mot trimma syklar.
            (Foto: Pressefoto)

Politiet vil aksjonere mot trimma syklar.Foto: Pressefoto

Vil luke ut trimma køyrety

Politiet åtvarar mot bruk av modifiserte og trimma køyrety.

Vil luke ut trimma køyrety Har du ungdommar i hus? Skal du eller dei ordne med brukt moped, scooter, lettsykkel eller kanskje ein el-sykkel til skulestart? Eigarar og sjåførar bør ta ein ekstra sjekk gjennom eit autorisert verkstad, dersom det oppstår tvil på om køyretyet er lovleg.

- Kontrollane våre har vist at teknisk stand på moped og lettsykkel må vektleggast mykje meir her på Sunnmøre. Før skulane slutta i sommar avdekka vi manglar på heile 29 av dei 60 kontrollerte mopedane og lettsyklane utanfor vidaregåande skular i Ålesund, seier Steven Blindheim trafikk-koordinator for Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding frå politiet.

- Eigar pliktar å forvisse seg om at køyretyet er i forskriftsmessig stand. Ofte ser vi at det er mor eller far som er registrert eigar i vognkortet, når sjåførane er i aldersgruppa 16 til 20 år. Derfor må både sjåførar og føresette sjå til at køyretya er forsvarlege og lovelege.

Modifisert – trimma sykkel

På ein av sunnmørskontrollane vart politiet seinare takka av føresette. Dei var ikkje klar over at den bøtelagde sykkelen til ungdommen deira var trimma. Har du kjøpt ein brukt moped, scooter, lettsykkel eller kanskje ein el-sykkel og er i tvil om det er gjort modifiseringar? Då vil du ha mykje igjen for ein tur innom ein autorisert verkstad. Der vil dei kontrollere både fartsytinga og teknisk stand.

- Om yteevna er endra, då er køyretyet trimma til å gå raskare enn det er konstruert for. Ved kontrollar finn vi mopedar som oppnår meir enn 90 kilometer i timen, det doble av det fartsperra er sett til. Vi testar effekten og har sett dei som går over 120 kilometer i timen, seier Blindheim

- Når en trimma moped kjem over 70 km/t og guten eller jenta bråbremsar, har vi en potensielt livsfarleg situasjon. Om sjåføren er 75 kilo vil treffpunktet i 70 km/t vere på to tonn. Fleire mopedeigarar køyrer i tillegg med svært grove dekk, noko som igjen aukar farepotensialet. Modifisering/trimming skjer til dømes om tannhjulet bak blir skifta, som når du girar på en vanleg sykkel vil eit mindre tannhjul gi meir fart, fortel Blindheim.

På nokre mopedar er elektronikken kopla om for å fjerne turtallssperra. Eksospotta vert bytta for å gi meir effekt, eller det blir sett på større dyser. Ein moped skal ha ein motor på maksimum 50 kubikkcentimeter. Den skal ikkje kunne køyrast raskare enn 45 kilometer i timen på flat veg.

Reglane er slik ut frå eit EØS-direktiv som pålegg Noreg å fylgje europeiske standardar. Slagvolum for lett motorsykkel skal elles høgst vere på 125 kubikkcentimeter. Nokre modifiserer også ved å ta ut DB-killer (Decibel Killer) frå eksosanlegget. Då endrar ein lyden opp i volum til stor irritasjon for omgjevnadane.

Bot, prikkar og forsikring som ikkje vil gjelde

Alle endringar som påverkar ytinga gir grunnlag for bot. Trimming av moped gjev i utgangspunktet tre prikkar på førarkortet og eit forenkla førelegg på kroner 5.350, om du er 16 til 18 år. Er du over 18 år og har eit ferskt førarkort i klasse B for personbil, då doblar talet prikkar seg.

Sjåførar som har hatt førarkort i klasse B i mindre enn to år, har førarkort på prøve og alle regelbrot gjev dobbelt så mange prikkar. Om du i ein treårsperiode får åtte prikkar mistar du førarkortet i eit halvt år og må ta ny førarprøve.

- Forsikringa vil heller ikkje gjelde ved ulykker med trimma moped eller lettsykkel. Då kan det verte dyrt om du har skuld i skade på andre personar, køyrety eller eigedom, seier Blindheim.

Dyrt å få komme på vegen igjen

En moped eller lettsykkel avskilta i kontroll, må setjast tilbake i opprinneleg teknisk stand. Så må den visast på ein trafikkstasjon før den kan kome ut på vegen igjen. Har du ein trimma moped må du i tillegg til det forenkla førelegget du fekk, betale gebyr på trafikkstasjonen på 570 kroner ved framvisninga.

Er det berre snakk om mindre utbetringar, som til dømes eit lykt som må rettast, skal tenesta på trafikkstasjonen vanlegvis vere gratis.

Stor risiko for ulykker

- Dei yngste mopedsjåførane med avgrensa opplæring har minst erfaring. Dei er dermed også mest utsett for ulykker. Ein innehavar av sertifikat for lett motorsykkel har meir omfattande opplæring enn dei som har mopedsertifikat, men også sjåførane i denne klassen er av dei yngste og mest uerfarne.

- Framover seinsommaren og hausten vil politiet ha fleire kontrollar i samarbeid med Statens vegvesen i heile politidistriktet. Vi ynskjer å luke ut farlege køyrety frå trafikken. Samstundes vektlegg vi kontakt med ungdommane slik at vi kan gi informasjon om kva dei kan utsette seg for. Dette er en viktig del av det førebyggande trafikksikkerheitsarbeidet vårt, avsluttar Blindheim.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Tolv år og kyrkjeorganist

Eirik Stave er berre tolv år, men spelar kyrkjeorgel som om han ikkje skulle ha gjort anna.

Per Inge ryddar Ørsta

På 150 meter på Mosflata, samla Per Inge Rebbestad 14 sekkar med bos, isoporrestar, bildelar, oljetønner og restane av ei gatelykt.

Ny flyrute til Oslo

Widerøe aukar kapasiteten på Ørsta–Volda lufthamn, Hovden.

Takkar for gjevargleda

Leiaren for tv-aksjonen i Ørsta, varaordførar Karen Høydal, er sværet takksam for gjevargleda,

Ørsta legesenter skårar lågt

Ørsta Legesenter skårar lågt på Forbrukarrådet si rangering av informasjonsflyten og sørvisen hos landets fastlegekontor.

Skaut over 10.000 hjortar i Møre og Romsdal

Det er mange som likar hjortejakt i fylket vårt.