Vil luke ut trimma køyrety Har du ungdommar i hus? Skal du ellerdei ordne med brukt moped, scooter, lettsykkel eller kanskje einel-sykkel til skulestart? Eigarar og sjåførar bør ta ein ekstrasjekk gjennom eit autorisert verkstad, dersom det oppstår tvil påom køyretyet er lovleg.

- Kontrollane våre har vist at tekniskstand på moped og lettsykkel må vektleggast mykje meir her påSunnmøre. Før skulane slutta i sommar avdekka vi manglar på heile29 av dei 60 kontrollerte mopedane og lettsyklane utanforvidaregåande skular i Ålesund, seier Steven Blindheimtrafikk-koordinator for Sunnmøre i Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding frå politiet.

- Eigar pliktar å forvisse seg om at køyretyet er iforskriftsmessig stand. Ofte ser vi at det er mor eller far som erregistrert eigar i vognkortet, når sjåførane er i aldersgruppa 16til 20 år. Derfor må både sjåførar og føresette sjå til at køyretyaer forsvarlege og lovelege.

Modifisert – trimma sykkel

På ein avsunnmørskontrollane vart politiet seinare takka av føresette. Deivar ikkje klar over at den bøtelagde sykkelen til ungdommen deiravar trimma. Har du kjøpt ein brukt moped, scooter, lettsykkel ellerkanskje ein el-sykkel og er i tvil om det er gjort modifiseringar?Då vil du ha mykje igjen for ein tur innom ein autorisert verkstad.Der vil dei kontrollere både fartsytinga og teknisk stand.

- Omyteevna er endra, då er køyretyet trimma til å gå raskare enn deter konstruert for. Ved kontrollar finn vi mopedar som oppnår meirenn 90 kilometer i timen, det doble av det fartsperra er sett til.Vi testar effekten og har sett dei som går over 120 kilometer itimen, seier Blindheim

- Når en trimma moped kjem over 70 km/t ogguten eller jenta bråbremsar, har vi en potensielt livsfarlegsituasjon. Om sjåføren er 75 kilo vil treffpunktet i 70 km/t verepå to tonn. Fleire mopedeigarar køyrer i tillegg med svært grovedekk, noko som igjen aukar farepotensialet. Modifisering/trimmingskjer til dømes om tannhjulet bak blir skifta, som når du girar påen vanleg sykkel vil eit mindre tannhjul gi meir fart, fortel Blindheim.

På nokremopedar er elektronikken kopla om for å fjerne turtallssperra.Eksospotta vert bytta for å gi meir effekt, eller det blir sett påstørre dyser. Ein moped skal ha ein motor på maksimum 50kubikkcentimeter. Den skal ikkje kunne køyrast raskare enn 45kilometer i timen på flat veg.

Reglane er slik ut frå eitEØS-direktiv som pålegg Noreg å fylgje europeiske standardar.Slagvolum for lett motorsykkel skal elles høgst vere på 125kubikkcentimeter. Nokre modifiserer også ved å ta ut DB-killer(Decibel Killer) frå eksosanlegget. Då endrar ein lyden opp i volumtil stor irritasjon for omgjevnadane.

Bot, prikkar og forsikring som ikkje vil gjelde

Alle endringar som påverkar ytinga girgrunnlag for bot. Trimming av moped gjev i utgangspunktet treprikkar på førarkortet og eit forenkla førelegg på kroner 5.350, omdu er 16 til 18 år. Er du over 18 år og har eit ferskt førarkort iklasse B for personbil, då doblar talet prikkar seg.

Sjåførar somhar hatt førarkort i klasse B i mindre enn to år, har førarkort påprøve og alle regelbrot gjev dobbelt så mange prikkar. Om du i eintreårsperiode får åtte prikkar mistar du førarkortet i eit halvt årog må ta ny førarprøve.

- Forsikringa vil heller ikkje gjelde vedulykker med trimma moped eller lettsykkel. Då kan det verte dyrt omdu har skuld i skade på andre personar, køyrety eller eigedom,seier Blindheim.

Dyrt å få komme på vegen igjen

En moped ellerlettsykkel avskilta i kontroll, må setjast tilbake i opprinnelegteknisk stand. Så må den visast på ein trafikkstasjon før den kankome ut på vegen igjen. Har du ein trimma moped må du i tillegg tildet forenkla førelegget du fekk, betale gebyr på trafikkstasjonenpå 570 kroner ved framvisninga.

Er det berre snakk om mindreutbetringar, som til dømes eit lykt som må rettast, skal tenesta påtrafikkstasjonen vanlegvis vere gratis.

Stor risiko for ulykker

-Dei yngste mopedsjåførane med avgrensa opplæring har minsterfaring. Dei er dermed også mest utsett for ulykker. Ein innehavarav sertifikat for lett motorsykkel har meir omfattande opplæringenn dei som har mopedsertifikat, men også sjåførane i denne klassener av dei yngste og mest uerfarne.

- Framover seinsommaren oghausten vil politiet ha fleire kontrollar i samarbeid med Statensvegvesen i heile politidistriktet. Vi ynskjer å luke ut farlegekøyrety frå trafikken. Samstundes vektlegg vi kontakt medungdommane slik at vi kan gi informasjon om kva dei kan utsette segfor. Dette er en viktig del av det førebyggandetrafikksikkerheitsarbeidet vårt, avsluttar Blindheim.