Nå går ein hardare til verks for å få bukt med den uønska pukkellaksen.

Det er i år fanga urovekkande mange pukkellaks i Ørstaelva. Fisken er svartelista i Noreg. Dette betyr at arten vert sett på som ein framand art som utgjer ein høg risiko mot det biologiske mangfaldet i norsk natur.

– Vi ser på fisken som ein russisk spion som vi ikkje vil ha i elva, sa styremedlem Sindre Moe i Ørstaelva elveeigarlag til smp.no tidlegare i sommar.

No har dei fått lov til å ta ut pukkellaksen med harpun.

– Vi har kontakta ein dykkar som har sagt han vil kome, og vi satsar på at han skal kunne hjelpe oss, men førebels er vi i startgropa på dette, seier Moe.

– Han er laksefiskar, så vi er sikre på at han skal sjå forskjell på vanleg laks og den uønska pukkellaksen.

Garnfiske har gitt lite uttelling, og måndag hadde dei berre fått fanga åtte pukkellaks på denne måten.

– Dei driv med skyting av pukkellaks med harpun i fleire elvar i Finnmark. Då tenkte eg at dette kunne vere løysinga for oss.

Fylkesmannen har vore svært hjelsame. Det tok ein halvtime å få godkjent bruk av harpun.

– Dei skal ha all mogleg ros for at dei tek dette på alvor.