– Det var vanvitig tungt. Eg har aldri vore på fjellet i dårlegare vêr.

Berre ein time, seks minutt og to hundredelar etter at startskotet gjekk i småbåthamna laurdag, sette den spreke Ørsta-dama foten på toppen av Saudehornet, 1.303 moh. Ho slo sin eigen personlege rekord med om lag eit minutt og tok sigeren i kvinneklassa. Det var ein kamp mot ausande regnvêr, gjørmete rås og tjukk skodde. Likevel klarte ho å motivere seg sjølv til å halde motoren i gang.

– Det var tungt dei siste hundre høgdemetrane. Dess lenger opp i fjellsida eg kom, dess høgare justerte eg musikken på øyret. Det er for å klare å halde fokus og stenge alt anna ute.

Oppskrifta viste seg å halde heilt i mål. Sætre var ikkje klar over at ho låg først av damene.

– Det var vanskeleg å orientere seg i skodda, og eg var heilt sikker på at der var nokre framom meg, så det var både overraskande og kjekt at eg kom først.

Hege Rindal frå Sunnylven IL tok andreplassen med tida 1:19:25. Deretter følgde ørsting Sofie Hjertvik på tida 1:24:12.

For Hjertvik var det første gong ho deltok i motbakkeløpet.

– Eg er glad i å gå i fjellet, men motbakkeløp vert noko heilt anna. Eg har vegra meg litt for å vere med, for nivået er så utruleg høgt, men så tenkte eg at eg skulle prøve å sjå kor godt eg kunne gjere det.

Innsatsen heldt til ein tredjeplass.

– Men der var ikkje så stor konkurranse i kvinneklassa i år, seier Hjertvik.

Der var sju kvinner som stilte til start.

– Likevel er det ein utruleg god prestasjon å kome på tredjeplass i ditt første løp, rosar Åse Iren Sætre.

Ho har vore med fleire gongar tidlegare, men har ikkje delteke sidan 2013.

– Men no var motivasjonen tilbake, og eg hadde lyst til å prøve meg igjen. Sjølv om det var tungt, så hadde eg bestemt meg. Eg skulle til topps.

Det er berre å bøye seg i støvet. Eller gjørma i dette tilfellet, og gle seg til neste år. For kven veit kor raskt dei kan nå toppen, om vêret berre er litt betre enn det var denne gongen.

– Akkurat no freistar det svært lite å gjere det igjen. Men det er eit heilt år til neste gong, så innan då har vi vel gløymt dagens våte oppleving, ler dei.

Konsentrert: Åse Iren Sætre på veg opp sida på Vallahornet, med Saudehornet i siktet. Foto: Janne-Marit Myklebust
Ved godt mot: Eit fast innslag i Saudehornet rett opp, Geir Arve Råheim frå Ålesund FIK. Han nådde toppen på tida 1:20:37, noko som heldt til tredjeplass i klassa for Menn 60–64. Foto: Janne-Marit Myklebust
Andreplassen: Hege Ringdal frå Sunnylven IL tok 2. plassen i kvinneklassa på tida 1:19:25. Foto: Janne-Marit Myklebust
I mål: Erling Hisdal frå Tjalve IK var nest raskast opp Saude- hornet, på tida 56:35. Forholda var svært krevjande i fjellet laurdag. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug
saudehornet rett opp: Ut av skoddehavet kom dei, ein etter ein. Hogne Søholt frå Ørsta IL kostar på fotografen eit smil før turen heldt fram mot Saudehornet. Foto: Janne-Marit Myklebust