Draumen om småbruk, og ein sambuar frå Bjørke, har ført Peder Magnussen til Nordvestlandet. 31-åringen frå Tønsberg er den nye skogbruksansvarlege i ein kommune som ein gong var mønsterkommune for skogplanting.

For besteforeldra og oldeforeldra til dagens ørstingar var skogen sjølve framtida. Skule-elevar vart utkommanderte for å plante i dalar og fjellsider. Granplantene kom frå Ørsta sin eigen planteskule, også det eit mønsterbruk.

– Mine svigerforeldre på Bjørke fortalde at garden hadde ein liten teig som vart planta etter krigen. Det vart sett på som gullet deira og forsikringa for framtida, seier Peder Magnussen.

Han kjenner resten av historia også

– Det har vore lagt ned stor innsats, men det vart kanskje ikkje den nettoen folk såg for seg den gongen dei planta.

Orkanskog

Ein vindfelt granskog er ikkje noko for amatørar. Dyre maskinar må inn. Dermed går pengane ut. Dagmar, Tor, og andre orkanar har gjort sitt til at entusiasmen mellom skogeigarane nok er varierande. Då er det godt å ha ein entusiastisk skogbrukssjef.

– I dag sit skogeigarane att med OK netto. Men det har vore mykje vindfelt skog og det har nok vore den haldninga at det er ikkje er noko å tene på skogen. Vindfallstømmer er dyrare å ta ut, og nettoen blir ikkje all verda. Og så kan vi spørje: Hadde eigarane av vindfelt skog forsikring?

Svaret er at det var det berre få som hadde forsikringa i orden, sjølv om den ikkje kostar mange kronene.

– Dersom dei hadde hatt forsikring så hadde dei kome brukbart ut. Mange har skog som snart skal hoggast og eg forstår ikkje at dei torer å ha så flott skog utan forsikring, seier skogbrukssjefen, og inviterer skogeigarar til å ta kontakt dersom dei treng hjelp til å ordne forsikringa.

«Verdiskapinga forsvinn ut av distriktet.» Dette er noko ein skogbruksansvarleg stadig må tole å høyre. Skogen vert som regel hogd av proffane i samvirket Allskog, og tømmeret vert skipa til Tyskland.

– Entreprenøren må ha sitt. Det er det ikkje tvil om. Men det gir stor verdiskaping for samfunnet. Og kva hadde vore der i staden på desse felta? Kanskje krattskog som ikkje hadde nokon verdi. Dessutan er det miljøsida. Ingenting bind meir Co2 enn grana. Det er eit viktig element i tider då vi må tenkje grønt.

Peder Magnussen har vakse opp i Tønsberg men er ingen bygut. Familien har ein liten gard, og unge Peder valde å satse på landbruket som yrkesveg. På Universitetet på Ås trefte han bondetausa Trude, som kjem frå Saure i Skjåstaddalen. Paret, som har to små jenter, har blitt nordfjordingar, med adresse Robjørgane.

Dette er ei av grendene på nordsida av Nordfjorden, om lag 10 kilometer vest frå Stryn sentrum.

– Vi har begge hatt ønske gard etter kvart, og så dukka det opp ein sjanse. Tilfeldigvis oppdaga vi eit bruk som var lagt ut på Finn, og vi slo til. No har vi funne draumeplassen. Bruket har rundt 70 vinterfôra gammalnorsk spelsau. Så vi er sauebønder, i tillegg til å ha jobbar. Men det er Trude som er eksperten, eg er berre dreng.

Gode råd

Midt under intervjuet kjem tilfeldigvis forgjengaren som skogbruksansvarleg, Roger Nedreklepp, innom. Spørsmålet om Nedreklepp har gode råd, er ikkje til å unngå.

– Det har vore for stor hogst og skogen har blitt hogd for ung. Og så det er eit problem å få kultivering med godt resultat, svarer Nedreklepp.

Fjoråret var eit rekordår for hogst. To stordrifter på Lid og Ulvestad i Volda førde til at det vart hogd 47.000 kubikk i Volda. Hogsten i Ørsta var 27.000 kubikkmeter. Med ein snittpris på 300 kroner betyr det samla rundt 22 millionar kroner i førstehandsverdi. 2015 var og eit år med mykje hogst: Volda 17.000 kubikkmeter, Ørsta 23.000.

Utfordrande fornying

Våre beste- og oldeforeldreplanta. Vi har hogd. No skal det igjen plantast. Det vert den store utfordringa for den nye skogbruksansvarlege, som kom frå jobben som skogbruksleiar i Vestskog, hogstselskapet til Sogn og Fjordane skogeigarlag.

– Eg kjenner den andre sida, frå min førre jobb. Då var eg den som var ute og skaffa oppdrag, og fekk skogen hogd. No er det vel så viktig å passe på at det vert skikkeleg foryngja, at den ikkje berre vert hogd, og så veks det opp kratt. Etter hogst så pliktar skogeigar å plante nytt i løpet av tre år, men det blir ofte forsømt. Eller så vert det planta og så vert det høg avgang, og då må ein supplere og plante nytt.

– Korleis skal du få fart plantinga. Kan det kome på tale å bruke tvang?

– Det er drastisk, og det bør du unngå. Men eit anna verkemiddel er at fylkesmannen kan trekke tilbake tilskot som er gitt til vegbygging, drift med taubane og så vidare. Eg håper folk gjer dette av eigen vilje. Eg vil prøve å ha eit godt forhold til skogeigarane, og er her for å hjelpe dei.

Skogbruksleiaren har litt å bryne seg på i arbeidet med å fornye skogen i Ørsta og Volda. Snutebilla herjar i plantefelta. Det gjer hjorten også. Dei på to føter kan og skape problem. I nokre krinsar har gran blitt eit skjellsord.

– Granhatarane – dei er ikkje til å kome unna. Dei vil du finne over alt, seier den skogbruksansvarlege.

– Tett granskog, og brun og tørr skogbotn. Er det vakker natur?

– Det er klart – det er ikkje det same å gå i tett granskog som i ein glissen furuskog. Men kva gir den furuskogen, eller krattskogen, av verdi kontra granskogen?

Pendlar

Peder Magnussen er skogsbruksansvarleg for Ørsta og Volda. I tillegg er den ivrige hjortejegeren viltforvaltar i Volda. Han tok til 1. mai og er berre så vidt varm i trøya.

Arbeidsplassen på rådhuset i Ørsta betyr ein time pendleavstand kvar veg.

Han har funne draumeplassen. Så spørst det om han har funne draumejobben.

– Det er kjekt. Og eg har blitt godt mottatt. Det blir ein del bilkøyring til og frå, men det er eg vand med.

Småbrukarar: Sambuaren Trude frå Bjørke har fått Tønsberg-guten Peder Magnussen til denne delen av landet. Saman har dei kjøpt småbruk i Stryn. Foto: Privat Foto: privat
Draumestaden: Peder Magnussen på garden heime på Robjørgane, 10 kilometer vest for Stryn sentrum. Foto: Privat Foto: privat