– Det skjer i Ørsta no, seier ordførar Stein Aam.

Han er strålande nøgd med utviklinga, trass ein liten bismak sjølvsagt, fordi det ikkje er berre lett å skulle rive opp hus, og også familiar, ved rota.

– Men skal vi få eit velfungerande sentrum må det til.

Måndag 7. august står HS Bygg klare til å rigge seg til med brakker og utstyr for å starte bygginga av fleirbrukshallen på grusbana ved Ørsta stadion. Ridehallen er fjerna frå området. Denne veka var det også skogrydding og fjerning av leikeapparat ved Barnas Vel si avdeling – det velkjende raude huset ved stadion. Barnehagen er rydda og står tom. Snart er også huset, som har vore den trygge basen for tallause små håpefulle gjennom generasjonar, historie.

– Vemodig. Det er klart. Men vi må fokusere på det gode som kjem ut av dette, seier Aam, som nesten ikkje kan vente med å sjå fleirbrukshallen reise seg.

Barnehagen er truleg det første bygget som må vike. Deretter står klubbhuset til idrettslaget for tur, eit ministeinkast unna barnehagen.

– Så snart vi har fått til ei tenleg og mellombels løysing for idrettslaget, så vil det skje. Då vert det riving.

Idrettslaget skal få nye lokale i den nye fleirbrukshallen, som etter planen skal stå ferdig i november 2018.

Vidaregåande

Men det skjer meir i området. Etter mykje jobbing i kulissane, har politikarane i fylket også innsett at Ørsta vidaregåande skule er utdatert. Ny skule må til, og om alt går etter planen, skal skulen verte reist i nærleik til kulturhuset, også eit steinkast unna Barnas Vel – men då først om eit par år. På tomta fylkeskommunen har sett seg ut til ny skule, står det i dag to bustadhus.

– Det er enno ikkje løyvd pengar til ny skule, men vi har stor tru på at det vil skje. Vi har ingen grunn til å tru noko anna, ut frå signala vi har fått frå fylket. Då var det også eit ønske frå den eine huseigaren om å få flytte tidleg ut av huset, fortel assisterande rådmann Eldar Øye.

– Vi har prøvd å få til ei smidig løysing. Det vi gjer no er at Ørsta kommune vil leige det eine huset fram til fylkeskommunen er klar til å løyse inn eigedomen, med mål om å rive huset for å gjere plass til ny vidaregåande skule. Dette meiner vi er ei god løysing, både for oss som kommune, og for huseigaren.

Velle skule

Ved Velle skule er det også ting på gang. Sentrumsskulen er hardt pressa på parkeringsplassar, og foreldra ved skulen har ved fleire høve klaga og uttrykt uro for at det skal skje ulykker i området, då elevar ofte må krysse den sterkt trafikkerte parkeringsplassen for å kome inn på skulen.

– Også her står det to bustadhus. Kommunen har løyst inn det eine, og det vert rive i desse dagar, seier Øye.

– Når det gjeld det andre huset har ikkje kommunen og grunneigar klart å kome til semje om pris. Det er ei ærleg sak, og difor tek det også litt lenger tid, fortel Øye.

For området har dei utarbeidd ein plan for korleis parkeringsarealet skal verte merka opp for å gjere det tryggare og for å få betre flyt i trafikken, når elevar vert levert og henta.

– No vil vi rive det eine huset, planere området og teikne opp parkeringsarealet, nokolunde etter det vi har planlagt. Så får resten kome når vi kjem i mål med ein avtale, seier Øye.

– Eg er strålande nøgd med framgangen, seier ein strålande nøgd ordførar.

Parkering: To hus ved Velle skule skal vike for å betre parkeringstilhøva ved sentrumsskulen. Eitt hus er løyst inn, og denne veka vart det rive. Foto: Janne-Marit Myklebust
Klart: 7. august er datoen entreprenøren HS Bygg har sagt at dei skal rigge seg til for bygginga av fleirbrukshallen på grusbana. Ridehallen er fjerna og alt ligg til rette for å starte arbeidet. Foto: Janne-Marit Myklebust
Ny vidaregåande skule: To hus må verte løyste inn når Ørsta skal få ny vidaregåande skule. Eitt hus er allereie overteke av kommunen, som vil leige det fram til fylkeskommunen er klar til å kjøpe. Foto: Janne-Marit Myklebust