Valkamp: I samband med valkampen fekk kommunalminister Jan Tore Sanner orientering på Volda sjukehus. F.v. ass.dir. Helge Ristesund, Helse MR, Hareid-ordførar Anders Riise, kommunalminister Jan Tore Sanner, stortingskandidat Marianne Synnes (H), Dan Bjørneset (H) og stortingskandidat Monica Molvær (H).
            (Foto: Roy-Arne Folkestad)

Valkamp: I samband med valkampen fekk kommunalminister Jan Tore Sanner orientering på Volda sjukehus. F.v. ass.dir. Helge Ristesund, Helse MR, Hareid-ordførar Anders Riise, kommunalminister Jan Tore Sanner, stortingskandidat Marianne Synnes (H), Dan Bjørneset (H) og stortingskandidat Monica Molvær (H).Foto: Roy-Arne Folkestad

– Gamle heltar tilbake til sjukehuset

Etter at helseminister Bent Høie (H) vedtok at Volda framleis skal ha akuttsjukehus for framtida, kjem no fleire kirurgar tilbake til sjukehuset.

Det fortalde ass.dir. Helge Ristesund i Helse Møre og Romsdal då kommunalminister Jan Tore Sanner (H) besøkte sjukehuset i Volda tysdag.

Bent Høie har bestemt at det skal vere 51 store og mindre sjukehus i landet, mellom dei Volda sjukehus. Effekten av meldinga er klar i Volda:

– Vedtaket har skapt veldig ro på Volda-sjukehuset, og gamle heltar som hadde slutta kjem no tilbake. Og no har vi god rekruttering. Mellom anna får vi no på plass to gastrokirurgar, fortalde Ristesund nøgd.


Gav fire millionar til breiband og ny bussrute:

Sanner med pengegåve hyllar Volda og Hornindal

Kommunalminister Jan Tore Sanner hyllar prosessen rundt samanslåinga av Volda og Hornindal kommunar. Tysdag hadde statsråden med seg fire millionar kroner til nye Volda kommune.

 

Saman med driftskoordinator Knut Nautvik og leiar for medisinsk avdeling, Mona Ryste, orienterte Ristesund om sjukehuset og helseføretaket som gir helsetenester til 266.000 innbyggjarar. Statsråd Sanner fekk m.a. vite at pasientane er godt nøgde med sjukehuset og at det ligg langt framme på fleire område, spesielt innan ortopedi og indremedisin.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Nytt utspel i Bjørke-debatten

I eit brev underskrive av 25 personar på Bjørke vert det reist kritikk mot «unge vaksne » sitt utspel om grensejustering.

Portrett

Brødrene Øyehaug - ved to av dei

For brørne Einar og Per Øyehaug er nøysemd, gründerånd og skepsis til banklån noko dei har i blodet.

75 års-jubileum

Ein siste skanse i møbelbygda

Denne hausten feirar Brødr. Øyehaug 75-årsjubileum. Dei har ei historie å vere stolte av.

Siste dans for Marna

Marna Haugen Burøe er ute av "Skal vi danse"

Tatt for fyllekøyring

Politiet stoppa bilførar i Hovdebygda. Mistanke om promille.

- Ein pris mange fortener ein bit av

Per Oddvar «Prots» Hildre om å ha fått St. Olavs Orden.

Høgtideleg seremoni

Prots fekk St. Olav

Kordirigenten Per Oddvar "Prots" Hildre fekk overrekt St. Olavs orden laurdag.