Volda sjukehus.
            (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Volda sjukehus.Foto: Janne-Marit Myklebust

Ønskjer midlar til sjukehus-ombygging

Bygginga av det nye felles sjukehuset på Hjelset gir investeringsutfordringar for sjukehusa i Ålesund og Volda.

Det seier assisterande direktør i Helse Møre og romsdal, Helge Ristesund.

Overfor kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fortalde Ristesund om konsekvensane for dei andre to sjukehusa i fylket som følgje av mangel på pengar til å investere med i ei tid då over fire milliardar kroner skal gå til det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.



– Gamle heltar tilbake til sjukehuset

Etter at helseminister Bent Høie (H) vedtok at Volda framleis skal ha akuttsjukehus for framtida, kjem no fleire kirurgar tilbake til sjukehuset.

 

– Sjukehuset i Ålesund er frå 1971, og det er ikkje tilrettelagt for moderne sjukehusdrift. Og sjukehuset i Volda vart bygt i 1986. I dag er det krevjande å få investert nødvendige midlar til bygningsmessige endringar for desse sjukehusa, sa Ristesund.

Han konstaterte at nokre prøver å snakke ned det nye storsjukehuset på Hjelset, noko han meiner det ikkje er grunn til.


– Det nye sjukehuset skal ha like mange senger som det i dag er på sjukehusa i Kristiansund og på Molde. Det nye sjukehuset skal ha nær alle slags funksjonar, sa Ristesund

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Valkamp: I samband med valkampen fekk kommunalminister Jan Tore Sanner orientering på Volda sjukehus. F.v. ass.dir. Helge Ristesund, Helse MR, Hareid-ordførar Anders Riise, kommunalminister Jan Tore Sanner, stortingskandidat Marianne Synnes (H), Dan Bjørneset (H) og stortingskandidat Monica Molvær (H).
            (Foto: Roy-Arne Folkestad)

Valkamp: I samband med valkampen fekk kommunalminister Jan Tore Sanner orientering på Volda sjukehus. F.v. ass.dir. Helge Ristesund, Helse MR, Hareid-ordførar Anders Riise, kommunalminister Jan Tore Sanner, stortingskandidat Marianne Synnes (H), Dan Bjørneset (H) og stortingskandidat Monica Molvær (H).Foto: Roy-Arne Folkestad

Dette vert lest no:

Tolv år og kyrkjeorganist

Eirik Stave er berre tolv år, men spelar kyrkjeorgel som om han ikkje skulle ha gjort anna.

Per Inge ryddar Ørsta

På 150 meter på Mosflata, samla Per Inge Rebbestad 14 sekkar med bos, isoporrestar, bildelar, oljetønner og restane av ei gatelykt.

Ny flyrute til Oslo

Widerøe aukar kapasiteten på Ørsta–Volda lufthamn, Hovden.

Takkar for gjevargleda

Leiaren for tv-aksjonen i Ørsta, varaordførar Karen Høydal, er sværet takksam for gjevargleda,

Ørsta legesenter skårar lågt

Ørsta Legesenter skårar lågt på Forbrukarrådet si rangering av informasjonsflyten og sørvisen hos landets fastlegekontor.