Det seier assisterande direktør i Helse Møre og romsdal, Helge Ristesund.

Overfor kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fortalde Ristesund om konsekvensane for dei andre to sjukehusa i fylket som følgje av mangel på pengar til å investere med i ei tid då over fire milliardar kroner skal gå til det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

– Sjukehuset i Ålesund er frå 1971, og det er ikkje tilrettelagt for moderne sjukehusdrift. Og sjukehuset i Volda vart bygt i 1986. I dag er det krevjande å få investert nødvendige midlar til bygningsmessige endringar for desse sjukehusa, sa Ristesund.

Han konstaterte at nokre prøver å snakke ned det nye storsjukehuset på Hjelset, noko han meiner det ikkje er grunn til.

– Det nye sjukehuset skal ha like mange senger som det i dag er på sjukehusa i Kristiansund og på Molde. Det nye sjukehuset skal ha nær alle slags funksjonar, sa Ristesund

Valkamp: I samband med valkampen fekk kommunalminister Jan Tore Sanner orientering på Volda sjukehus. F.v. ass.dir. Helge Ristesund, Helse MR, Hareid-ordførar Anders Riise, kommunalminister Jan Tore Sanner, stortingskandidat Marianne Synnes (H), Dan Bjørneset (H) og stortingskandidat Monica Molvær (H). Foto: Roy-Arne Folkestad