Kirsten Marie Oma ler hjarteleg. Saman med ektemannen Kolbjørn Christoffersen og hunden Odin, har ho overnatta ei natt på Ørsta Camping. Dei bur til vanleg i Son utanfor Oslo, men Kirsten Marie er opphavleg frå Bryne på Jæren, og har mykje slekt på Vestlandet. Dei er difor på ei lita rundreise for å besøke slekta og oppleve vestlandsnaturen – på godt og vondt.

– Ja, vêret er det ikkje så mykje å gjere med, kommenterer ho.

Dei er difor svært nøgde med lavvoen sin.

– Vi er glade i å gå i fjellet, og lavvoen kan vi setje opp der vi måtte ønske det. Han er romsleg, og toler det meste av naturkrefter. Det er også lettare å få med seg enn å til dømes reise med campingvogn, seier ho.

Dei har merka det på Ørsta Camping, at telt-turisme har fått sin renessanse.

– Det er heilt spesielt. Vi har aldri opplevd det før, at så mange kjem og overnattar i telt. Det er gjerne fjellfolket som gjer det. Det er alt frå ungdomar til familiefolk. Dei overnattar gjerne i fjellet, og så kjem dei ned hit ei natt eller to for å få dusja og vaske kleda sine, fortel dagleg leiar Vivian Ose Flø.

Også talet på bubilar har auka. Eller eksplodert, ifølgje fagfolket på campingplassen.

– Det er heilt vilt. Og svært merkbart. Særleg eldre folk er glad i bubillivet. Fred og ro er i ferd med å verte ei salsvare. Å gi folk rom og tid har vorte omsetteleg i ein hektisk kvardag. Det er behov for å stresse av. Då er utfordringa å forvalte det på ein skikkeleg måte. Vi ønskjer ikkje tilstandar som vi høyrer om i Geiranger og Lofoten til dømes, der du står i kø for å få sjå på utsikta.

Kirsten Marie Oma studerte i Volda for fleire år sidan, og likar godt å kome tilbake til området.

–Det eg sakna mest då eg flytta var dei vakre fjella. Eg har teke med meg mannen min hit tidlegare også, men då har det vore slik skodde at han ikkje har fått sett dei. Han er frå Lofoten, og er veldig stolt av dei vakre fjella og naturen som er der. Eg har difor alltid hatt lyst til å vise han at Sunnmøre er heilt på høgde med Lofoten.

Teltfolket er for det meste nordmenn. Molladalen står høgt på lista over turar dei tek. Slogen og andre toppar i Hjørundfjorden vert også hyppig omsnakka inne på campingen.

– Det er profilerte stader. Du kan reklamere så mykje du vil gjennom turistorganisasjonane, men er det noko som sel er det om folk har hatt ei god oppleving på fjelltur og legg det ut på sosiale medium. Då går jungeltelegrafen. Eg trur det er det som har skjedd i Noreg dei siste åra, og som gjer at vi opplever ei oppblomstring av denne forma for campingturisme, seier Vivian Ose Flø.

Når ho får spørsmål frå utanlandske turistar om høvelege turmål i høgda, prøver ho å halde det på eit litt meir overkomeleg nivå.

– Du sender ikkje nederlendarar frå flatlandet opp på Saudehornet. Men eg tipsar dei om Pølsa. Det er vel så bra utsikt derifrå. Eg har stått med kikerten her nede og følgt med nokre av dei. Eg har litt omsut for besøket mitt, humrar ho.

Den største overraskinga for eit nederlandsk par var å oppdage kor ofte nordmenn går i fjellet.

– Dei hadde skrive seg inn i boka på Pølsa, og var over seg over at nokre hadde notert namnet sitt opptil fleire gonger. Det syntest dei var noko unødvendig, heilt til eg fortalde at det er dei som tek turen kvar einaste dag opp dit. Det var opp i måte, meinte dei, som var vel nøgde med bragda det var for dei å kome seg opp den eine dagen.

Oddmund Frøysland frå Haukedalen ved Førde er i ferd med å klargjere campingvogna for nye eventyr, etter eit par dagar på Ørsta Camping.

– Eg likar fridomen vogna gir. Vi kan køyre etter vêret og etter kva aktivitetar vi ønskjer å vere med på. No skal kona og eg vidare til Balestrand. Vi bruker å vere med på festivalen som er der. Og så likar vi best vogn, fordi då kan vi kople henne av bilen og ta oss nokre runder i nærområdet, utan å måtte drage på vogna, seier han.

Vogner, og særleg bubilar, har vorte eit fast innslag på campingen i Ørsta. Førre veke var der fullt.

– Her var ville tilstandar. Eg sprang som ein galen for å få alle bubilane til å stå på rett plass. Det var store problem med å få plass til alle.

Ørsta Camping sin grand old man, Ole Martin Ose, gliser breitt når han fortel om pågangen i sommar. Camping er i vinden som aldri før.

– Vi har aldri hatt så stor pågang. Folk ringer oss på førehand for å prøve å tinge seg plass. Men det går ikkje. Vi må ta dei som kjem, når dei kjem, seier Vivian Ose Flø.

Ørsta Camping har 13 hytter med 56 soveplassar til saman, og eit stort område med plass til rundt 70 bubilar og telt. 35 faste vogner står til ei kvar tid inne på området.

– Vi driv ikkje stort, men det ønskjer vi heller ikkje. Vi har ingen planar om noko meir enn det vi har i dag, seier Vivian Ose Flø.

–Men vi har svært stort hjarterom, skyt Ole Martin Ose inn.