jippi: «Det herre her kallast fiskelykke!» Ei nøgd Kristina Reiten. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug)

jippi: «Det herre her kallast fiskelykke!» Ei nøgd Kristina Reiten. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

fann fiskelukka: Felix drog i land ein solid pukkellaks i Ørstaelva tysdag. Han og Noah godtar seg over fangsten. F.v. Felix Vatne Kjøde og Noah Rebbestad Kalvatn. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug)

fann fiskelukka: Felix drog i land ein solid pukkellaks i Ørstaelva tysdag. Han og Noah godtar seg over fangsten. F.v. Felix Vatne Kjøde og Noah Rebbestad Kalvatn. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

godt nøgd: – Eg tok han, seier Brage Bjøkne. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug)

godt nøgd: – Eg tok han, seier Brage Bjøkne. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

Kosar seg: – Fisking er kjekt. Dette er femte gongen min i elv, men eg har vore nokre gongar på sjøen før, fortel Adrian Bellen. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug)

Kosar seg: – Fisking er kjekt. Dette er femte gongen min i elv, men eg har vore nokre gongar på sjøen før, fortel Adrian Bellen. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

nysgjerrige: Borna flokka seg rundt karet som var fylt med stamfisk frå notkastinga tidlegare. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug)

nysgjerrige: Borna flokka seg rundt karet som var fylt med stamfisk frå notkastinga tidlegare. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

prøvar lukka: I forgrunnen Yngve Holsvik Ingebrigtsen og Agsrom Daniel Gnebretatyos i bakgrunnen. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug)

prøvar lukka: I forgrunnen Yngve Holsvik Ingebrigtsen og Agsrom Daniel Gnebretatyos i bakgrunnen. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug

1 / 6

Fiskelykke for unge fiskarar i Ørstaelva

– Eg fekk fisk! Dette er ein pukkellaks på 1,1 kilo, seier Felix Vatne Kjøde. – Eg fekk ikkje, men det nappa 30 gongar, ivrar Noah Rebbestad Kalvatn.

Noah meiner sjølv at det var rett før. Men han er ikkje den einaste som fiskar. Tysdag kveld i 17-tida var det om lag 60 born til stades ved Ørstaelva for å vere med på «Laksekveld for born og ungdom», dei fleste med fylgje av foreldre eller besteforeldre.

– Eg også fekk fisk! Denne er på cirka ein kilo, og det er ein vanleg laks, fortel Brage Bjøkne.

Adrian Bellen har foreløpig ikkje fått fisk, men dette er femte gongen han er i elv og fiskar. Tidlegare har han brukt å fiska i saltvatn.

Lenger oppe i elva kan du treffe på Yngve Holsvik Ingebrigtsen og Agsrom Daniel Gnebretatyos.

– Det nappa i stad, men eg fekk ikkje hala han inn. Eg har fiska mest i sjøvatn, men dette også er gøy, fortel Yngve.

– Det har vorte lite fisking til no, men eg synest at dette er spennande, seier Agsrom.

Tilreisande fiskelukke

Tilreisande frå Trondheim var Kristina Reiten (14) som fekk ein laks på 0,5 kilo.

– Eg har ikkje fiska mykje. Dette eg har no kallast fiskelukke. Det som er morosamt er at eg fekk akkurat same fisken i år, som eg fekk i fjor då eg var her. Eit halvt kilo begge to! Ja ja, kanskje har eg litt ferdigheiter likevel då.

Eit av dei andre borna langs elva, Olav Bjørneset Breivik, avslører at han normalt sett fiskar i «Fonna», og då etter kreder.

Notkasting etter stamfisk

Etter fiskinga i Ørstaelva, gjekk alle fiskarane ned til fiskebua ned om Osbrua. Der vart det laks på grill, pølser i brød og ikkje minst, høgdepunktet: Notkasting etter stamfisk.

Det som skjedde, var at dei køyrde ein båt i ring med not, og fekk tvinga all fisken inn i nota. Borna var store i auga når all fisken kom på land.

– Dette er noko me gjer uansett, for kultiveringa sin del. Ikkje dumt å gi borna underhaldninga ved det i same slengen, fortel Breivik.

Tradisjon

Daniel Breivik er mykje ansvarleg for denne laksekvelden for born og ungdom.

– Ja, det har vore tradisjon i Ørsta Jeger- og Fiskarforeining å arrangere denne kvelden årleg i månadsskiftet juli-august. Dette er vel tiande året.

Han fortel at det no står på programmet til Naturfestivalen, men at dei er uavhengige.

– I tillegg er me no på tredje året ein del av kampanjen «fiskesommar». Dette er ein kampanje av Noregs Jeger- og Fiskarforbund. Der deltek det kvart år 10.000 born og unge frå nord til sør.

Heilt gratis

Daniel Breivik fortel at fiskekvelden er til for at folk skal få oppleve gleda ved å fiske, og at heile opplegget er gratis.

– Dette er noko som vert arrangert fleire plassar i Noreg, men i Ørsta kan me tilby elvefiske av laks. Mange andre stadar må dei ta med borna på sjøen, så dette er me stolte av.

Han seier at cirka 60 born på laksekveld er godt oppmøte, men at dei gjerne vil ha fleire. Han fortel dessutan at om du legg til talet på foreldre og besteforeldre, kan du gonge talet med tre.

Handlar ikkje om størst fisk

– Det har vorte populært, og alt handlar ikkje om å få den største fisken. Me har veldig fokus på det sosiale rundt, difor har me dette me grilling av laks og pølser i brød i etterkant.

Han vil takke Ørstaelva Elveeigarlag for løyve til å fiske i elva utan fiskekort.

– Flott at dei kan ta formalitetane litt rundeleg ein slik kveld.

I tillegg vil han takke Marine Harvest for laksen dei steikjer på grillen.

– Både unge og vaksne likar dette, og kjem att år etter år.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Omorganiseringar ved AV-senteret

Nettskule frå Volda til Aurskog

Norsk Nettskole og Pedit flyttar frå Volda til Aurskog.

Satsar på ny utekino

I fjor haust kom det over hundre for å sjå grøssaren «De dødes tjern». Til hausten satsar Hjørundfjord filmteater på utekino nok ein gong.

Synnøve er ny formidlar i Aasen-tunet

– Eg er oppteken av å spreie kunnskap om nynorsk og forklare kva som var bakgrunnen for at han kom. Som formidlar i Aasen-tunet får eg drive med det eg brenn for, seier ho.

Lause hestar i Ørsta

- Mann med gulrøter observert springande etter.

– Vil samle bygdefolket på Vartdal

Frå torsdag 24. august til og med søndag 27. august vert årets Vartdalsstranddagar halde.

Den nye hotelleigaren ser eit stort potensial i Hotell Ivar Aasen

– Dess meir eg har vore på Hotell Ivar Aasen, dess meir smiler eg. Dette hotellet har enormt potensial!

Cupkamp framskunda til onsdag

Volda møter neste hinder i NM allereie onsdag kveld, når Førde kjem til Voldahallen.

Kranseskål for det nye legesenteret

- Dette vert eit fantastisk bygg

Bygginga av det nye legesenteret er i rute.

Håskjold Nyland ute av landslaget

Voldingen Ørjan Håskjold Nyland er vraka frå landslaget i fotball.

Har fått første avling av økologiske grønsaker

Kål i mange variantar, bønner, erter, gulrot, fennikel og salat. Det bognar av økologiske godbitar i grønsaksåkeren til Ørsta andelsgard for tida.