Johan Bugge vann Saudehornet rett opp. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug.)

Johan Bugge vann Saudehornet rett opp.Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug.

Åse Iren Sætre vann dameklassa. (Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug.)

Åse Iren Sætre vann dameklassa.Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug.

Åse Iren Sætre var suveren i dameklassa. (Foto: Janne Marit Myklebust)

Åse Iren Sætre var suveren i dameklassa.Foto: Janne Marit Myklebust

Erling Hisdal, Tjalve, vart nummer to. (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Erling Hisdal, Tjalve, vart nummer to.Foto: Janne-Marit Myklebust

Andreas Skylstad, Norangdal (fremst) og Håvar Myklebust, Follestaddal, vart nummer tre og fire. (Foto: Janne Marit Myklebust)

Andreas Skylstad, Norangdal (fremst) og Håvar Myklebust, Follestaddal, vart nummer tre og fire.Foto: Janne Marit Myklebust

Johan Bugge i einsam majestet. (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Johan Bugge i einsam majestet.Foto: Janne-Marit Myklebust

1 / 6

Bugge og Sætre vann Saudehornet rett opp

Suverene sigrar i motbakkeløpet.

Johan Bugge, Eidsvåg IL, vann Saudehornet rett opp i Ørsta laurdag. Det vart ein suveren siger. I tunge og vanskelege forhold, kom han i mål på tida 51.41.

Han var over fem minutt før nestemann, Erling Hisdal, Tjalve IL, som klokka inn på 56.35.

Beste lokale løper, og tredjemann totalt, vart Andreas Skylstad, Norangdal IL, på 57.50, medan Håvard Myklebust, Sunnmøre Klatre- og Sporleggjarlag vart nummer fire med tida 58.56. Tidene er uoffisielle.

Bugge fortel på toppen at det var vått i løypa.

- Målet var å få best mogleg tid. Men det vart vått, fortel han til Møre-Nytt sin reporter på staden, Åsmund Brunstad Øyehaug.

Bugge fekk tidleg ei klar leiing, og var i einsam majestet mest heile vegen. Opp Vallahornsida berre auka han på.

Dameklassa vart vunne av Åse Iren Sætre, Ørsta IL.  Ho sprang på 1.06.2. Hege Ringdal tok andreplassen på 1.19.35.

77 løparar var i år registrerte i konkurranseklassa.

Årets løp vart prega av skodde og dårleg sikt. Men det vert rapportert om mange folk oppe i fjellsida.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Tolv år og kyrkjeorganist

Eirik Stave er berre tolv år, men spelar kyrkjeorgel som om han ikkje skulle ha gjort anna.

Per Inge ryddar Ørsta

På 150 meter på Mosflata, samla Per Inge Rebbestad 14 sekkar med bos, isoporrestar, bildelar, oljetønner og restane av ei gatelykt.

Ny flyrute til Oslo

Widerøe aukar kapasiteten på Ørsta–Volda lufthamn, Hovden.

Takkar for gjevargleda

Leiaren for tv-aksjonen i Ørsta, varaordførar Karen Høydal, er sværet takksam for gjevargleda,

Ørsta legesenter skårar lågt

Ørsta Legesenter skårar lågt på Forbrukarrådet si rangering av informasjonsflyten og sørvisen hos landets fastlegekontor.

Skaut over 10.000 hjortar i Møre og Romsdal

Det er mange som likar hjortejakt i fylket vårt.