Johan Bugge, Eidsvåg IL, vann Saudehornet rett opp i Ørsta laurdag. Det vart ein suveren siger. I tunge og vanskelege forhold, kom han i mål på tida 51.41.

Han var over fem minutt før nestemann, Erling Hisdal, Tjalve IL, som klokka inn på 56.35.

Beste lokale løper, og tredjemann totalt, vart Andreas Skylstad, Norangdal IL, på 57.50, medan Håvard Myklebust, Sunnmøre Klatre- og Sporleggjarlag vart nummer fire med tida 58.56. Tidene er uoffisielle.

Bugge fortel på toppen at det var vått i løypa.

- Målet var å få best mogleg tid. Men det vart vått, fortel han til Møre-Nytt sin reporter på staden, Åsmund Brunstad Øyehaug.

Bugge fekk tidleg ei klar leiing, og var i einsam majestet mest heile vegen. Opp Vallahornsida berre auka han på.

Dameklassa vart vunne av Åse Iren Sætre, Ørsta IL.  Ho sprang på 1.06.2. Hege Ringdal tok andreplassen på 1.19.35.

77 løparar var i år registrerte i konkurranseklassa.

Årets løp vart prega av skodde og dårleg sikt. Men det vert rapportert om mange folk oppe i fjellsida.