Det seier kommunalminister Jan Tore Sanner til Møre-Nytt.

Under eit valkamp-besøk i Volda tysdag, der kommunalministeren kom med ei pengegåve på fire millionar kroner til den nye felleskommunen mellom Volda og Hornindal, stilte Møre-Nytt spørsmål om prosessen med Bjøxit, og om Bjørke framleis skal vere ein del av Ørsta kommune, eller gå over til nye Volda. Kommunalministeren gjorde det klart at det er departementet som til sist skal ta ei avgjerd i saka.

– Eg kjenner til at det vert diskutert grensejustering. No er dette ein lokal diskusjon der ein skal høyre innbyggjarane. Saka kan kome på mitt bord i haust eller neste år. Avgjerda skal takast etter ein lokal diskusjon der innbyggjarane skal høyrast, dette er viktig, og det skal vere gode lokale prosessar, understrekar Sanner.

Spesiell

Saka om Bjørxit er spesiell fordi det også handlar om mykje pengar: Bjørke er som kjent bygda der Tussa kraftverk ligg, hovudkraftverket til Tussa Kraft AS. Årleg innkasserer Ørsta kommune inntil åtte millionar kroner i konsesjonskraftpengar og skatt på verk og bruk. Og det er desse pengane som kan verte Volda sine dersom folket på Bjørke vil. Saka er difor noko komplisert.

Likevel: Det skal no dannast eit faktagrunnlag for kva Ørsta og nye Volda kommune kan tilby Bjørke-folket. Dette skal presenterast på eit folkemøte, og i oktober skal eit eksternt firma gjennomføre ei uravrøysting der Bjørke-folket skal få seie kva kommune dei vil høyre til i framtida. Uavhengig av ei eventuell grensejustering slik at Ørsta «misser» Bjørke til naboane, seier statsråd Sanner at han er imponert over prosessen over samanslåing av Volda og Hornindal kommunar.

– Eg synest det er ein imponerande prosess som no går føre seg mellom Volda og Hornindal. Kommunane starta med naboprat her og der før dei valde å gå saman gjennom ei god løysing. Og no opplever dei at å skape ein ny kommune gir ny energi. Kommunane ser at ting kan gjerast annleis og på nye måtar, og dei kan ta med det beste inn i nyekommunen, seier kommunalministeren.

Dei fire millionane han hadde med seg til Volda og Hornindal skal gå til utbygging av breiband og til opprettinga av ny bussrute mellom Grodås og Volda etter at kommunane har vorte felles kommune.

Volda-ordførar Jørgen Amdam er godt nøgd med pengegåva.

– Eg hadde ikkje venta så mykje pengar. Dei gir no moglegheit til å byggje ut breiband også på bygdene i samband med breibandbygging mellom rådhusa på Grodås og i Volda, seier Amdam.

Pepar

Jan Tore Sanner har fått pepar for kommunereforma, og spørsmålet er om Senterpartiet si medgangsbølgje kan ha årsak i folk i distrikta sin misnøye over å verte slått saman med ein annan kommune.

– Sp snakkar med to tunger. I Stortinget røysta dei for to tredjedelar av kommunesamanslåingane, dei har altså røysta for to av tre samanslåingar. Mange av Sp sine ordførarar har gått føre å få bygt nye kommunar, og det er stor skilnad mellom det Sp sentralt meiner i denne saka og kva partiet ute i distrikta meiner, hevdar Sanner.

– Då valkampen opna nyleg, gjorde Arbeidarpartiet sine toppkandidatar her i fylket det klart at dei vil gå inn for å oppheve vedtak om samanslåing av kommunar som er slått saman ved tvang. Kva seier du til det?

– Dette er uansvarleg, no må ein gi kommunane ro. Stortinget har teke ei avgjerd i reformsaka. Det er slik at mange Ap-veljarar ikkje kjenner att partiet. Ap har alltid vore for reforma og kommunesamanslåing, seier statsråden.