Det fortel Anbjørn Steinholm Frislid (21). Kommunestyrerepresentanten for Frp har nytta ferien noko uvanleg. I tolv dagar reiste han rundt i Israel, snakka med parlamentarikarar, regjeringsmedlemmer og vanlege folk.

– Eg er med i organisasjonen «Med Israel for fred». Eg har engasjert meg for jødar si sak. Dei har vore på flukt i to tusen år, og eg ynskjer dei skal få bu i fred i landet sitt, seier Steinholm Frislid.

Han har vore med i organisasjonen med Israel for fred i eit par år. Han seier sjølv at han ikkje har vore særleg aktiv, men har delteke på nokre kurs. Han søkte i år om å få vere med i gruppa som skulle til Israel på studiereise, og fekk plass i delegasjonen saman med ni andre unge i aldersgruppa atten til tretti år.

Han fekk oppleve eit land fullt av kontrastar, frå å sjå på bomberegn i Syria frå Golan-høgda, til å gå i Tel Aviv, som kunne ha vore ein kva som helst europeisk storby.

Under opphaldet budde delegasjonen på hospits, og prøvde å gjere reisa som rimeleg som mogleg.

Jerusalem

Fyrste mål på turen var Jerusalem. Der var det besøk i gamlebyen, som er samansett av fire kvarter, det kristne, det armenske, det jødiske og det muslimske.

– Eg opplevde at det var spent i området, men likevel trygt. Fleire plassar kunne ein sjå sikkerheitskontrollar og det var tungt væpna politi over alt, fortel Steinholm Frislid.

I Jerusalem fekk delegasjonen vitje Knesset, Israel sitt parlament, og der var det møte med representantar frå fleire parti, både regjeringsparti og frå opposisjonen.

– Avstanden mellom israelske politikarar og folket er større enn i Noreg. Tryggleiksnivået var som på ein flyplass, og det er fordi Knesset er eit utsett mål, fortel Steinholm Frislid.

Det gjorde inntrykk å vitje Holocaust-museet i Jerusalem, og han var sjølvsagt også ved Vestmuren i gamlebyen.

– Som i Noreg vert kalla Klagemuren. Kvifor vi kallar muren dette i Noreg, kan ein undre seg over. Det er ikkje som at ein klagar her. Plassen blir nytta til bøn, fortel Steinholm Frislid.

Etter Jerusalem starta ei rundreise til Dødehavet og Jordandalen, nordover til Genesaretsjøen og til Golan-høgda.

– Ved Dødehavet var det fascinerande å sjå korleis turistbransjen møter det at nivået på Dødehavet vert lågare. Dødehavet er no delt i to, og i den delen der dei store hotella ligg, vert vatnet pumpa opp slik at hotella ikkje må flytte. I dette landskapet kunne vi også tydeleg sjå korleis israelarane utnyttar vatnet til å dyrke jorda. Kontrasten til korleis det var i Jordan, på andre sidan Jordanelva, var stor. Der var det ørkenlandskap, fortel Steinholm Frislid.

Frå Golan-høgda fekk han sjå kor nær konflikten Israel er konflikten i Syria. Det eksploderte fleire bomber over grensa medan han var der.

Sterke inntrykk

I løpet av turen fekk han vitje ein israelsk familie på sabbaten, og han kom i snakk med fleire innbyggjarar, både jødiske og arabiske.

– Det som slo meg var at dei fleste sa at for dei var det ingen konflikt mellom jødar og arabarar i Israel, men at dette var noko politikarane, gjerne internasjonalt, og dei sterkt religiøse heldt på med, seier Steinholm Frislid.

Likevel fekk han på ein sterk måte sjå korleis konflikten i Israel påverkar dagleglivet.

– Mot slutten av turen reiste vi til grenseområdet mot Gaza-stripa. Vi vitja ein leikepark. Som på alle offentlege institusjonar var der tilfluktsrom. Her var dei bygde som leikeapparat, forma som ein larve i armert betong, der borna var lærte opp til å evakuere viss alarmen gjekk. Og no var dei inne i ei «roleg» tid med berre eit par rakettar i månaden i snitt. Det gjorde eit sterkt inntrykk, fortel Steinholm Frislid.

– Hamas er problemet

Han sjølv meiner det er ein ting som må på plass før det vert ei løysing på konflikten.

– Eg meiner at i Noreg vert Israel mykje mistydd. Noko av hovudproblemet no er Hamas. Det er ein terrororganisasjon, som sender rakettar frå dei sjølvstyrte områda og inn i Israel, og som ope seier at målet er å utslette Israel og jødane. Det er dette som skaper konflikt, insisterer Steinholm Frislid.

Han reagerer på norske LO som på kongressen vedtok å gå inn for ein handelsboikott av Israel.

– Dette hadde mange i Israel fått med seg, og det var dette dei visste om Noreg. Ein boikott er heilt feilslått. Det ville ha råka palestinarane minst like hardt, for dei arbeider i dei israelske fabrikkane. Dessutan er ein boikott meiningslaus når vi veit at mykje av den viktigaste teknologien vi har i mobiltelefonar, datamaskinar osb. er frå Israel. Eg trur neppe LO meiner vi skal slutte å bruke moderne teknologi, seier Steinholm Frislid.

Han opplevde Israel som eit ope samfunn, og med stor takhøgd og toleranse.

– Til dømes er Pride-arrangementet i Tel Aviv blant dei største i verda med 200.000 deltakarar. Det hadde neppe vore mogleg å ha arrangert i nabolanda, seier Steinholm Frislid.