- Eg synest det er ein imponerande prosess som no går føre seg mellom Volda og Hornindal. Kommunane starta med naboprat her og der før dei valde å gå saman gjennom ei god løysing. Og no opplever dei at å skape ein ny kommune gir ny energi. Kommunane ser at ting kan gjerast annleis og på nye måtar, og dei kan ta med det beste inn i nyekommunen, seier kommunalministeren.

Tysdag besøkte han sjukehuset i Volda før turen gjekk til Volda rådhus for å fortelje om ei pengegåve.

Breiband og buss

Dei fire millionane til nye Volda kommune skal gå til utbygging av breiband og utvikling av eit busstilbod mellom Grodås og Volda i samband med kommunesamanslåinga.

- Pengane kjem frå ein pott på 150 millionar som kom på plass etter budsjettsamarbeid mellom KrF og Venstre, fortale kommunalministeren nøgd.

Pengane kjem i tillegg til andre gulrøtter i form av større, årlege millionbeløp ved at kommunane slår seg saman: I desse dagar får den nye Volda kommuna overført 20 millionar kroner frå staten i belønning fordi dei går saman. I tillegg kjem to millionar årleg i regionsenter-tilskot.

Volda-ordførar Jørgem Amdam er godt nøgd med pengegåva.

- Eg hadde ikkje venta så mykje pengar.  Dei gir no muligheit til å byggje ut breiband også på bygdene i samband med breibandbygging mellom rådhusa på Grodås og i Volda, seier Amdam.

Utfordringar

Pengane frå Sanner også kjem godt med for ei ny bussrute mellom Grodås og Volda i ein situajson der fylkesgrensa skaper utfordringar for tilskot frå fylkeskommunane i samband med finansieringa av ruta.

Ordførarar og rådmenn frå Volda og Hornindal var mellom dei som var på plass for å orientere Sanner om prosessen med kommunereforma. Og om statsråden kom til Volda med eit smil, reiste han derifrå med eit stort glis. For bodskapen frå ordførarane Jørgen Amdam (Ap) og Stig Olav Lødemel (H) klang godt i øyrene på  den samanslåingskåte ministeren.

- Prosessen med samanslåing går i stor grad på skinner samanlikna med tilsvarandre prosessar i andre kommunar. Han kom med ei samanlikning:

- Då Volda skulle forhandle med Ørsta om samanslåing var det som at eit gammalt ektepar skulle snakke om detaljar for ei ektepakt.

Som kjent: Denne praten havarerte.

Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel  fortalde at det har vore kjekt å oppleve at Hornindal i samanslåingsprosessen ikkje har vorte sett på som ei lita kommune.

- Eg var skeptisk til om vi skulle verte overkøyrde, men det har vore uproblematisk. Ingen har sagt til meg at dei ikkje føler seg likebehandla, sa Lødemel.

Sjølv om samanslåingsprosessen går på skinner, finst der fleire utfordringar. Og Jørgen Amdam meinet at fylkesgrensa er den største.

Sanner lova at regjeringa skal sjå på dei statlege grensene.

- Vi må syte for at staten vert betre organisert. Staten har i dag 38 regionale etatar som er organisert på 36 ulike måtar. No må vi byrje å tenke på innbyggjarane slik at dei får dei beste tenestene, seier kommunalminister Jan Tore Sanner.