I alle fall dersom ein går etter årsrekneskapen til Geiranger Bakeri for fjoråret: Etter ei omsetning på 4,9 millionar kroner fekk bakeriet eit underskot før skatt på minus 305.000 kroner.

I dag driv innehavar av Geiranger Bakeri, Jan Egil Vikestrand, utsal på Spinneriet i Volda. Vikestrand flytta seint i fjor haust produksjonen av bakarvarer frå Geiranger til dei tidlegare lokala til Thuns Bakeri i Strandgata i Ørsta.

Westre bakeri har i mange år hatt bakeri på Rystelandet. Drifta går godt: I fjor hadde bakeriet 9,3 millionar i salsinntekter og kan vise til eit positivt resultat for 2016 på vel 1,5 millionar før skatt, syner rekneskapen.