Motstanden mot prosjektet har vore til dels stor. Likevel sa Ørsta kommune ja no i vår – det kan monterast inntil fem kjettingpunkt på strekninga. Kommunen ynskjer å styrke fotturismen i Hjørundfjorden. Men vil montering av nokre kjettingar i eit ikkje tilrettelagt fjellområde vere eit klokt tiltak for å auke fotturismen?

Sist fredag bestemte dotter Karoline (28) og underskrivne (58) oss for å teste ut denne turen frå A til Å, eller kanskje meir presist; frå Å til A. Dei som står bak prosjektet meiner nemleg at det er best å starte turen frå Urke/Lekneset, så gå opp på fjellet Saksa og vidare derifrå etter ryggen/egga til den 1398 meter høge Elsandtinden. Frå denne toppen skal ein gå ned i dalen som vert kalla Nordkopen og til slutt vandre ned Urkedalen til Haukåssetra. Men Karoline og eg valde å gå motsett veg. Dette fordi vi ville ta det mest krevjande partiet først, dvs. strekninga i Nordkopen og vidare opp til Elsandtinden. I tillegg går ein mot sola når ein går denne vegen og utsikta frå Hjørundfjordegga er absolutt best om ein går sørover langs Hjørundfjordegga.

Nordkopen problemet?

Kritikarane har peika mest på farane i Nordkopen. Fleire har meint at våte-/glatte svaberg, svake snøbruer, skredfare frå Elsantindsida og problem med å kome seg frå snøen og inn på berget der ein skal gå opp den siste strekninga til Nordkopskaret, tilseier at det kort og godt kan vere farleg å gå her.

Karoline og eg har gått strekninga fleire gonger, men vi vart likevel overraska over kor mykje snø her var i år. Det var få problem med svake snøbruer/tynne snøparti. I den spennande Nordkopen med dei dramatiske fjella rundt om, høyrde vi likevel fleire drønn frå snøen, vi såg fleire mindre skred og ja, det kom «deisande» snøblokker ned mot råsa frå Elsandtindsida. Desse snøblokkene vart likevel sundslegne, og vi følte oss ikkje truga. På fjellhylla/fjellet den siste strekninga opp til skaret vart det likevel utfordrande å gå. Her var eit par tre meter meir med snø enn det brukar å vere på denne tida av året – snøbreen låg der råsa er merka, men det var råd å gå oppover mellom fjellet på den eine sida og snøen på den andre.

På strekninga Nordkopskaret – Elsandtinden var det også mykje snø, men med kvar vår isøks i handa var vi komfortable. Dei siste, noko bratte, høgdemetrane til toppvarden kunne vi likevel gå-/klyve på tørt berg.

Utsikt

Det er fleire som vel å bruke orda ”verdas vakraste fjord” om Hjørundfjorden. Denne skrivaren høyrer ikkje til den gruppa – det er svært mange vakre stadar rundt om i Noregs land og andre stadar i verda. Likevel det er vanskeleg å tenkje seg eit betre utsyn enn frå Elsandtinden ein slik dag når temperaturen er rundt 20 grader pluss, lette skyer i horisonten og vindstille. Utsikta var omtrent like storslegen heile tida til alle kantar. Det må også understrekast at nokre foto ikkje yter utsikta full rettferd – lyd frå elvar, snø, ryper, ein falk, eit lemen og anna var med på å setje ein spiss på heile opplevinga.

Ein tur for dei fleste?

I Møre-Nytt har vi lese at Hjørundfjordegga no er merka frå Saksa til skaret mellom Breifonnhornet og Rørfonnhornet (omtrent halve strekninga av Hjørundfjordegga). Frå dette skaret er det rydda- og merka råser ned mot Haukåssetra på austsida og ned i Maradalen og vidare ned til sjøen på vestsida. (Jens Arve Forbord i Saksa turistforeining opplyste nyleg til meg at Maradalsråsa er best som «oppoverrås», altså gå frå sjøen til egga) Ein vil visst vente og sjå før ein merker- og ev. festar fleire kjettingpunkt mot Elsandtinden. Det er i så fall klokt.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at underskrivne har vore tilhengar av dei fem kjettingpunkta over Hjørundfjordegga. Og utan tvil vil fleire kjettingpunkt gjere det lettare å ferdast mellom Saksa og Elsandtinden. Likevel er både Karoline og eg samde om at denne strekninga ikkje bør få fleire kjettingpunkt enn dei to som allereie er montert mellom «saksene» på Saksa.

Grunngjevinga vår er såre enkel. Sjølv om turen vi gjekk er «berre» vel 10 km på kartet, er han godt over 20 km i terrenget. Det vert også mange høgdemeter som må gåast. Vi to reknar oss begge som fjellvande, men vi brukte ni(!) timar på turen. Sjølvsagt vil det vere problemfritt for mange å gå ein time eller to raskare, men andre vil nok bruke lenger tid enn oss. Dette er ein svært lang tur. No kan ein med rette hevde at det vil vere lettare å gå-/klyve i bratt motbakke (t.d. mot fortoppen til Elsandtinden) enn i bratt unnabakke, men det endrar ikkje så mykje. Problemet er at montering av fleire kjettingar kan føre til falsk tryggleik og lokke fleire til egga, men også fleire som ikkje bør gå der. Og vi begge meiner bestemt at vande fjellfolk som absolutt vil gå heile Hjørundfjordegga vil greie det godt utan at kjettingar er montert, ev. kan fjellførarar nyttast.

Karoline har også gått Besseggen. Ho er klar på at Hjørundfjordegga er langt, langt flottare å gå, men er likevel mykje meir krevjande å gå og tek lengre tid enn nettopp Besseggen. Turen over Romsdalsegga tek også langt kortare tid enn turen over Hjørundfjordegga.

Gode råd

No kan vi ikkje avslutte alt for pessimistisk. Karoline er slett ikkje redd for å bruke eit adjektiv som fantastisk om denne turen til og frå Hjørundfjordegga og ikkje minst over egga. Og utan tvil vil svært mange ha stor glede av å gå her. Men hugs på å ha eit visst treningsgrunnlag. Kanskje er ikkje svært god kondisjon det viktigaste, men tek krampen deg i eit bratt parti vil du slite. Gå heller ikkje om det er regn eller utrygt for regn. Det er mange svaberg som skal passerast. Våte svaberg kan vere glatte. Gode sko er også ei føresetnad, gløym såkalla haikingsko og ta med nok drikke. Det nyttar ikkje med ei drikkeflaske i handa. Hugs på at det (for det meste) ikkje er vatn frå Nordkopskaret og nesten heilt ned i Leknesdalen. God tur