– Dette er svært, seier ein blid brannsjef, Thomas Winther Leira.

Denne veka kom brannbilen på plass. Han er levert av Egenes Brannteknikk AS i Flekkefjord. Den einaste verksemda i Noreg som leverer brannbilar.

– Dette er eit stort steg opp. Vi har store forventningar og gler oss veldig til å få bilen i drift, seier Leira.

Det står att berre små justeringar og plassering av utstyr før bilen kan takast i bruk. Gamlebilen skal til Sæbø og gjere teneste der.

– Den bilen er frå 1995 og har mange gode år att.

Nyebilen, som lyder namnet Whiskey 1.1, som er aliaset til Ørsta over sambandet, tek 3.000 liter vatn, har ein 200 liters skumtank og har større lagringsplass. No får dei plass til både sløkkeutstyr og anna utstyr som dei treng når dei rykkjer ut til ulykker. Før var utstyret plassert i to ulike bilar.

– No kan alle på vakt springe til den same bilen når alarmen går. Det er svært gunstig, seier Leira.

Bilen, av merket Scania, har 450 hestekrefter og har ei fartssperre på 120 km/t. Her er ingenting overlate til tilfeldigheitene. På taket er det montert ein kanon som kan sprute vatn opp til 70 meter.

– Kanonen sprutar 2.500 liter vatn i minuttet og vil såleis tømme tanken på litt over eitt minutt, så vi er avhengig av tilgjengeleg vassforsyning, men kanonen vil vere til god hjelp.

Før, på gamlebilen, måtte dei montere kanonen på taket manuelt. No er det berre å fyre laus. Bilen er også utstyrt med vinsj framme, som vil lette arbeidet om dei til dømes treng å flytte på bilvrak ved ulykker.

– Det beste er sjølvsagt at vi ikkje hadde hatt bruk for noko av dette utstyret, men ulykker skjer, og no er vi svært godt rusta til å møte utfordringane, seier Leira.

Det har vore ein lang prosess å få bilen, med ein prislapp på fire millionar kroner, på plass. Det har vorte nokre rundar i det politiske systemet.

– Det var no pensjonert brannsjef Einar Ytre-Hauge som starta det heile. Honnør til det arbeidet han la ned for å få dette til. Eg står berre og tek i mot resultatet, fortel brannsjefen nøgd.

Totalt er dei 21 brannfolk i staben, som alle gler seg like mykje over å få ein lettare kvardag.

– Her er mykje automatisert, samanlikna med før, og bilen utruleg lett å betene. Vi gler oss stort!

Nyegliset: Bilen har namnet Whiskey 1.1. Whiskey er Ørsta sitt alias over sambandet. Foto: Janne-Marit Myklebust