Denne enkle retten som fungerer som både forrett, lunsj eller snack har god smak frå jordbær som er marinerte i balsamico og basilikum og er nydeleg saman med god ost og godt brød.

Bruschetta er ein italiensk rett som oftast består av steikt eller grilla brød med olivenolje, kvitløk og havsalt. Min variant er utan kvitløk og har skiver av god chèvre og masse jordbær som er marinerte i ein balsamico-og basilikumlake. Nokre av dei har også fått god spekeskinke på seg som gir ein fin saltsmak til det søte og friske frå jordbæra. Har du ikkje spekeskinke er retten like god utan. No når dei norske jordbæra er å få kjøpt blir denne retten ekstra smakfull og er verd å prøve seg på til lange sumarkveldar med kveldskos.

Ingrediensar for ca. 4-6 personar:

Balsamicomarinerte jordbær:

• 300 g jordbær

• 4 ss balsamicoeddik

• 3-4 ts sukker

• 2-3 ss fersk basilikum, finhakka

• nokre dråpar limesaft

• 1 stor baguette

• olivenolje

• havsalt & pepar

• 250 g chèvre

• 100 g spekeskinke

• fersk basilikum

Skyll og rens jordbær og skjær dei deretter i små skiver eller terningar og legg i ei skål. Ha i balsamico, sukker, basilikum og litt limesaft og bland det forsiktig saman. La dette stå og godgjere seg i ca. 20 minutters tid, slik at smakane set seg og det dannar seg ein slags lake i botnen på skåla. Rør rundt i det litt av og til.

Varm opp ei steikepanne. Skjær baguette i skiver på skrå og ha på litt olivenolje på begge sider. Dryss over litt havsalt og steik skivene på middels varme til brødet blir sprøtt og gyllent. Fordel chèvre, spekeskinke og marinerte jordbær på baguette-skivene og strø over litt fersk basilikum og nykverna svart pepar på toppen.

Helgamat: Helgamat er Møre-Nytt si matspalte, og står på trykk i avisa kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Om spaltisten: Eg heiter Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeidar og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Marius Myklebust