- Grunnen til at me vel Ørsta og Møre Folkehøgskule som vår plass for korps-speling, er at me kjenner fasilitetane. Me veit kva me får, og dei veit kven som kjem, seier administrerande leiar av kurset, Bjørn Frode Hansen frå Orkanger.

- Det starta vel i 2001, så dette er 17 året på rad me er her, seier han.

Gjer det saman

Hansen fortel at godt samhald og fellesskap i gruppa, gjer at dette er kjekt å drive med.

- Alle er med, og det er inkluderande. Eg veit det er ein typisk klisjè, men det å gjere dette saman med nokon i eit godt fellesskap, er viktig og gjer det mykje kjekkare. I tillegg kan me saman oppleve meistring undervegs, og også i applausen etter ein konsert.

Populært

Kurset er populært. Dei kallar det for «grå gruppe», noko som betyr at dei er for dei som er myndige, altså over 18. Då dei starta i 2001, var det 22 stykk som møtte opp på kurset. I 2015 hadde det auka til 70, og då måtte dei dele kurset i to. Mange er langvegsfarande for å kunne delta på eit slikt kurs. Den nordlegaste tilreisande kjem frå Setermoen i Troms, og ein har folk frå alle stadar i Noreg som kjem. Trøndelag, Bergen, Haugesund, Oslo, Stavanger, Toten. Lista er lang.

- Me bur på enkeltrom utan dusj, men det er greitt. Me har seng, ferdigservert mat, og ein gymsal til å spele korps i. Det er alt me treng. I tillegg har me quiz og spel i kveldsstova om kvelden.

Kom på konsert

Kurset varer frå 22.-30.juli, med brass frå 22.-25. juli, og janitsjar frå 27.-30. juli. Dei hadde konsert ved Amfi måndag klokka 12.15, på Møre Folkehøgskule tysdag klokka 14 og skal ha konsert i morgon (laurdag) i gågata ned om Fru Svendsen klokka 12.15, og søndagen er det duka for avslutningskonsert klokka 14.00 på Møre Folkehøgskule.

- Kom på konsert! Me vil ha flest mogleg tilskodarar.

Skil seg ut

I kvar sin ende har dei Kristian Velle (19) som er yngstemann og på fyrste året, og Robert Kvam og Torstein Hamrebø som har vore her i 15 av 17 år. Dei har vore her lenge.

- Me begynte når me var 10, og gir oss ikkje før me har gebiss, seier Robert Kvam frå Sogndal.

Dei to har vore med på «grå gruppe» på Møre Folkehøgskule sidan starten i 2001.

- Dette er sosialt og kjekt, fortel Kvam, som sjølv speler blåseintrumentet kornett, noko han har spelt i 35 år.

- Eg for min del har spelt 25 år med B-tuba, så litt erfaring har me, opplyser Torstein Hamrebø.

Brass er korps beståande berre av messing-instrument og slagverk, til dømes kornett, trompet og tuba. Janitsjar på si side er treblåsarane, beståande av fløyter, klarinettar og saksofonar.

Alle nivå

Administrerande leiar av begge kursa, Bjørn Frode Hansen, seier at dei i år er 32 stykk på brass og 50 på janitsjar.

- Me har ingen krav for å få vere med, så det er fritt fram. Her er alle nivå, alt frå dei som spelar berre på hobbybasis til dei som deltek i nasjonale og internasjonale konkurransar. Snittalderen ligg på litt under 50 år i begge gruppene, seier han.

- Dirigenten vår, John Philip Hannevik er svært dyktig. Han har dirigert elitedivisjons-korps, og i år er fjerde året med han. Han er veldig godt likt, og enkelte melder seg på berre fordi han er dirigent. Han er motiverande, inspirerande og karismatisk.

NMF har neste år 100-års jubileum, og 2018 er difor døypt til «Musikkorpsets år» av regjeringa.

Veteran: Administrerande leiar av kurset, Bjørn Frode Hansen. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug
Likar seg: F.v. Torstein Hamrebø og Robert Kvam. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug