Saueeigar Linda Eirin Eiken er rasande etter at to av sauene hennar har døydd siste tida etter at hundar har jaga dei, slik Eiken er overtydd om.

– Ja, eg er heilt sikker på at det er hundar som har jaga og «sprengt» dei. Og dette handlar om dyreplageri, seier Eiken indignert.

For eit par veker sidan vart ein av sauene hennar funne ved stigen som går til Hestehornet i Åmdalen.

- Sauen såg frisk ut. Vi køyrde han heim på ein sekshjuling. Sauen døydde kort tid seinare. Veterinæren som undersøkte han fortalde at eit blodkar ved hjartet på sauen var sprengd, fortel Eiken.

Onsdag denne veka vart nok ein av sauene hennar funne død, denne gongen på ei myr nedom Krøvelssetra.

-Sauen hadde databrikke som vi kan lese av på nettet. Brikka fortalde at sauen hadde sprunge ein halv kilometer på nokre få minutt. Det er ikkje naturleg at sauer gjer dette, og det skal ikkje så mykje til for å «sprenge» ein sau. Sauen har heilt sikkert vorte jaga av ein hund. Eg har snakka med folk som fortel at det ofte vert registrert hundar som spring lause i setreområdet, og som spring etter sauer. Vi hadde berre fem sauer, og dei har vore så tame at dei oppsøkjer folk.

Hårreisande

Linda Eiken synest det er hårreisande at hundeeigarar ikkje respekterer bandtvangen som også gjeld i utmark.

– Sjølv kor lydig og snill ein hund er, så har dei instinkt som kan få fatale konsekvensar i kontakt med andre dyr, ikkje berre sauer. Difor: Hundeeigarar som ikkje bryr seg om bandtvangen må skjerpe seg, oppmodar Eiken.

Ho har ikkje meld episodane med sauene til politiet.

– Det er nok ingen vits. Sauene er daude og noko erstatning får vi ikkje.

Den ordinære bandtvangsperioden er frå 1. april til 20. august. I det tidsrommet må hunden anten gå i band eller vere forsvarleg inngjerda. Føremålet med bandtvang er å beskytte vilt og husdyr.

No er det sett opp plakatar i området Krøvelssetra med klar beskjed om å respektere bandtvangen.