Ørsta kommune har i den seinare tid arbeidd med tilgang til vatnet for alle, melder dei på sine heimesider.

Det er opparbeidd og asfaltert gangveg til vasskanten og nyleg vart rampe for å kome ut i vatnet montert. Den kan nyttast av born og vaksne, eit godt handtak å halde i og jamt underlag å rulle på. Dette er ein av få badeplassar i området med rampe.  Frå før av har badeplassen fått toalett. - Takk til alle som har arbeidd med saka og velvillige grunneigarar, helsar kommunen.

No gjeld det at sommaren og badetemperaturen følgjer opp slik at mange vil teste rampa og badetemperaturen.