Konsesjonssøknaden for det nye anlegget til Volda og Ørsta Reinhaldaverk (VØR) på Melsgjerdet ligg no ute til offentleg gjennomsyn. Som ein del av søknadsprosessen har selskapet Purenviro vurdert luktutsleppa frå anlegget, som skal ta mot avfallet frå VØR sine innsamlingsbilar.

–Lukt tilsvarande ei lukteining (1 OUE per kubikkmeter) kan under visse omstende nå dei nærmaste naboane, er konklusjonen.

Eit kart over luktspreiinga, syner at nokre av husa på Brekke ligg innanfor sone med ei lukteining, medan fleire av bustadhusa på Sporstøl og Brungot ligg akkurat utanfor sona med ei lukteining.

– Ei lukteining er så lite at det i praksis ikkje er noka lukt. All omlasting av avfallet skjer innandørs og i kontrollerte omgjevnader. Dermed vert det lite lukt, seier prosjektleiar Rune Holtet i WSP Norge som har utarbeidd konsesjonssøknaden.

Innandørs

Anlegget på Melsgjerdet skal ta imot avfallet frå bosbilane i VØR. I alt er det snakk om 3.000 tonn restavfall i året, i tillegg til 2.000 tonn matavfall, samt mindre mengder slam, metall, hageavfall og plast. All omlastinga skal skje under tak, i lukka anlegg.

– Anlegget på Melsgjerdet skal brukast til omlasting av avfallet som våre bilar samlar inn. Dette gir oss betre plass i Hovdebygda, der folk kan levere hageavfall og anna avfall som før, seier dagleg leiar Petter Bjørdal i Volda og Ørsta Reinhaldsverk.

VØR har ei tomt på 20 dekar på Melsgjerdet. Avfallsanlegget gjer at 11 dekar vert tatt i bruk. I tillegg arbeider VØR med planar for eit biogassanlegg.

– Dette krev ein eigen konsesjonssøknad, seier Petter Bjørdal.

Melsgjerdet: Foto over området der anlegget skal kome.(markert med raud ring)