Welle seier at så lenge du har folk til å stå på, er alle nøgde. Men påpeikar at akkurat det er ei vanskelegare oppgåve no til dags enn det var før.

- Desse tilstelningane har vore veldig populære, og det vert alltid mykje folk. Eg må seie eg beundrar alle som stiller opp for å få dette til, utan noko snakk om pengar. Slike respektable folk skal du ta av deg hatten for.

Jordbærfesten starta halv fire laurdag ettermiddag. Leiar for pårørandegruppa på Ørstaheimen Eli Sporstøl opna showet med diktet «Blå lagune», og avslutta det med «Omtanke». I tillegg hadde Nordvesten mange songar som blei spelt, til stor begeistring for bebuarane. Blant dei var «sølvbryllaupsmarsj», tango, vals, reinlender - «livad i reiret» og «sommar i Froland».

Glad i musikk

Einar Saure, opprinneleg frå Haugsbygda i Gursken, song godt med der han sat.

- Eg har sunge heile mitt liv, og kjem aldri til å gløyme å synge.

Han fortel at han blei overraska då han såg jordbærfesten.

- Eg skulle berre besøke kona mi her på Ørstaheimen, men så kom eg midt opp i dette. Ikkje akkurat det verste som kan skje ein laurdag. Kor fantastisk at Nordvesten er her og spelar for oss. Eg har budd i Åmdalen i 70 år og har vore med på Åmdalsrevyen i mange år.

Ved sidan av Saure sit bordkamerat Arne Hole, opprinneleg frå Breim, men som kom til Ørsta i 1968.

- Musikk eg noko eg elskar, og før når eg fota meg, dansa eg godt.

Glede over lokale jordbær

Lenger borte i kantina kan du finne Agnes Hjellen (98) med dottera Eli Hjellen, og Hilda Bjørdal (95) med sonen Asgeir Bjørdal.

- Jordbærfest er heilt toppers, fortel Agnes Hjellen.

- Jammen er det godt jordbæra er frå Valldal, meiner Hilda Bjørdal.

Eli Hjellen må takke Eli Sporstøl for flott arrangement.

- Det er viktig at det skjer noko, så dette er eit godt tiltak. Eli Sporstøl er ei eldsjel som held dette i gang. Ho er allsidig som både syng og les dikt.

Dikt, musikk og dans

Tidlegare skihoppar Olav Gåsvær viste mot og dansa med Eli Sporstøl til spel frå Nordvesten.

- Eg skal danse til eg er 100.

Han kallar seg sjølv «ein gamal skihoppar», og har hoppa i det som før var Midtstubakken midt i Oslo.

- Den var rundt 80 meter lang, men ein må berre gi gass.

På spørsmål om han likte at bæra var frå Valldal, svarte han på tiltale.

- Det hadde vore betre om dei var frå Ørsta, seier han med eit glimt i auga.

Steller i stand

Eldsjel Eli Sporstøl fortel om festen.

- Me steller i stand fest kvar månad for pårørande og deira folk som bur her. Då er det alltid kaffi, kake, underhaldning og vanlegvis loddsal. Denne gongen er det jordbærfest, noko som berre er ein gong i året.

- No har me ordna med 24 kilo jordbær, altså 48 korger. Folk gler seg veldig til ein slik fest me har her i dag, så det betyr mykje.

Nordvesten band synest sjølv det er kjekt å få spele her.

- Me speler på forskjellige oppdrag, fortel Elsa Bratten.

- Veldig kjekt å få spele, legg Åsmund Egset til.

Ein klok mann

Då festen var over, kunne ein sjå ein gamal, men klok mann i rullestol. Han heiter ikkje mindre enn John Jørgen Welle.

- Eg er vel nokre og nitti år, men eg hugsar ikkje alderen nøyaktig. Så du forstår sikkert kor galen eg er, seier han med eit glimt i auga.

- Du er slett ikkje galen, ropar Øystein Vatne.

Welle smiler.