Stiftinga som er i ferd med å ta over kommunehuset på Sæbø, byrjar å få planane klare for bruken.

Stiftinga ynskjer at Galleri Taklo skal halde fram i andre høgda, og at Hjørundfjord sogelag skal få halde på sine lokale i tredje høgda.

– Vi ynskjer å halde fram samarbeidet med desse, og har planar om å late kulturvernlaget lage eit dokumentsenter for snø- og skredulykker i Hjørundfjorden, skriv Erlend Walseth i stiftinga til Ørsta kommune.

Vidare er det eit ynske om å synleggjere kaikultur, fiske og fjorden som ei livsnerve, og dette skal vere i fyrste etasje.

– Vi ynskjer å ta vare på huset, setje det i stand, og fylle det med liv og aktivitet, skriv Walseth.

Han og stiftinga ynskjer gjerne å kome i dialog med kommunen for å få rettleiing og hjelp i det vidare arbeidet.