Statens vegvesen melder at Fv 60 på strekninga Byrkjelo-Stryn framleis er stengt grunna oppryddingsarbeidet som må til etter flaumen måndag. Arbeidet er ikkje venta å vere avslutta før i starten av august.

Også Fv 725 i Utvik på strakninga Molreim-Utvik er stengt grunna flaumen.

ifølgje NRK Sogn og Fjordane har det vore opp mot fire kilometer lange ferjekøar ved sambandet Anda-Lote som følgje av dei stengde vegane. Tysdag er det venta at det vert sett inn ei ekstraferje på sambandet for å ta unna all trafikken.