Konsernbidraget frå Vik Ørsta er på 37,182 millionar kroner. Den samla omsetninga i selskapet var i 2016 på 616,2 millionar, går det fram av årsrapporten for 2016.

Han fortel at selskapet har hatt ei noko svakare utvikling enn føresett. I 2015 vart omsetninga for Vik Ørsta på 668,4 millionar, og resultatet for i fjor er nær 23 millionar lågare enn i 2015.

Saferoad eig altså Vik Ørsta og Nordic Capital Fund VII er største eigar i Saferoad med ein eigardel på 30 prosent. Konsernbidraget frå Vik Ørsta kjem nok godt med i ein situasjon der Saferoad siste åra har levert underskot. Fjorårsresultatet er ikkje klart, men i både 2014 og i 2015 vart det levert betydelege underskot.

Ventar auke

For dotterselskapet Vik Ørsta vert det venta auka omsetning dette året.

– Dette er basert på marknadsutsiktene for selskapet sine produkt. Vi satsar på utvikling av eigen organisasjon og har ambisiøse mål for produktivitetsbetringar. Dette arbeidet vert vurdert som svært viktig i samband med å halde på eller auke noverande marknadsdelar, heiter det i årsrapporten.

Der går det fram at Vik Ørsta har tilfredstillande likviditet og at evna til eigenfinansiering av investeringar er god. Utviklinga i kortsiktig gjeld, total kapital og eigenkapital er stabil. Eigenkapitalen vert vurdert som solid og utgjer 49,6 prosent av totalkapitalen. Det er kring tre prosent betre enn i 2015.

Kvinner

Ved nyttår hadde Vik Ørsta 273 årsverk der 22 av desse er kvinner og fire av kvinnene er produksjonsmedarbeidarar.Selskapet tek del i konsernet sitt ønske og tiltak for å auke talet på kvinner i leiande stillingar og å auke talet på kvinner i den mannsdominerte delen av verksemda. I rapporten heiter det et Vik Ørsta har eit tilfredsstillande arbeidsmiljø. Bedrifta hadde to skadetilfelle som gav fråver i fjor. Samreleis var det året før. Sjukefråveret var i fjor på 5,1 prosent noko som er ein liten reduksjon samanlikna med året før. – Selskapet gjennomfører løpande tiltak for å oppnå betringar. Investeringar i automatiserte produksjonsprosessar dette året vil ha positiv effekt for HMS, står det i årsrapporten.